HJELP Å FÅ: Les informasjonen i denne saka og prøv sjølv, eller be oss om hjelp. Synnøve er tilbake ved disken for å hjelpe ved behov.
HJELP Å FÅ: Les informasjonen i denne saka og prøv sjølv, eller be oss om hjelp. Synnøve er tilbake ved disken for å hjelpe ved behov. FOTO: Hilde Eika Nesje

Kjem du ikkje inn på nettavisa? Da må du lese dette

Bø blad har bytta abonnementssystem, og alle abonnentar bør lese dette slik at dei fortsatt kan kome seg inn i nettavisa.

I samband med bytte til eit nytt og betre abonnementssystem kan abonnentane våre oppleve enkelte problem med å logge seg inn i nettavisa.

Fortvil ikkje, ver tolmodig og ta det bit for bit! Det skal ordne seg, og mykje kan falle på plass viss du les følgjande nøye:

  • Først og fremst er det viktig å vite at ALLE nå må logge seg inn på nettavisa med e-post-adressa som er knytt til abonnementet. Du skal IKKJE bruke det gamle abonnementsnummeret for å logge deg inn.
  • Når du loggar deg inn med e-post-adresse, må du lage deg eit nytt passord. For nokon går dette fint, men andre kan få denne meldinga: «Du er logget på, men det ser ikke ut til at du har et gyldig abonnement!». Viss du får denne meldinga, kan du prøve å logge heilt ut og så logge inn på nytt. Det hjelper for dei aller fleste.
  • Det er også nokon som får denne meldinga når dei prøver: «Finner ikke en bruker med den angitte legitimasjonen.» Det kan bety at du brukar feil e-post-adresse. For eksempel kan ei anna epost-adresse vere knytt til abonnementet, kanskje den du bur med si? Meldinga kan også kome fordi det ikkje er registrert ei epost-adresse til abonnementet i det heile. Da må du kontakte oss og registrere rett e-post adresse.
  • Me gjer merksam på at Bø blad sin app ikkje fungerer i det nye systemet enno, derfor må alle logge seg direkte inn på internett via ein nettlesar (Safari, Firefox, Chrome eller andre).

Me har stor trafikk, og vil hjelpe alle så snart me kan! Beklagar bryderiet fram til alt er på plass! Alt blir bra til slutt!