REDAKTØR: Hilde Eika Nesje, redaktør i Bø blad - lokalavis for Midt-Telemark.
REDAKTØR: Hilde Eika Nesje, redaktør i Bø blad - lokalavis for Midt-Telemark. FOTO: Øystein Akselberg

– Me får kjeft i lokalavisa, men toler nokre frekke spark

Frå tid til anna får me kjeft i lokalavisa i Midt-Telemark, eller møter folk som uttrykker misnøye over det me skriv – eller ikkje skriv. Mykje oftare har me konstruktive dialogar med folk i ulike miljø om korleis me kan få informasjon og tips frå dei, slik at me kan skrive meir om det som skjer på deira arena.

Det er heilt legitimt å ha meiningar om lokalavisa, og heldigvis er det mange som bryr seg om både det som skjer med avisa og innhaldet i den. Det er også mange som seier meininga si, og det er me veldig glad for. Aller best likar me kritikken eller rosen når den er sakleg og konstruktiv, men me toler ein del frekke spark også. Det spørs bare kva ein kjem lengst med.

Ytringsfridomen skattar me høgt i Bø blad, og me ønskjer at det skal vere låg terskel for alle grupper til å kunne meine noko offentleg. Debattsidene våre viser også at folk i Midt-Telemark har meiningar om veldig mykje. Folk bryr seg om lokalsamfunnet sitt, og det er bra. Det ein òg må forstå er at det ikkje finst noko trykkeplikt for lokalavisa, sjølv om ein har trykkefridom i dette landet. Redigerte medium har ein redaktør av ein grunn: Det som kjem på trykk skal det gjerast ei etisk vurdering av, og ein skal prioritere det som ein meiner er mest viktig å få fram i lokalsamfunnet. Det handlar mykje om slike prioriteringar i lokale redaksjonar, og ikkje minst om ressursar. Det gjer at ein ikkje alltid klarar å vere god nok på alt – dessverre.

I ein vekstkommune som Midt-Telemark er det utruleg mykje som skjer og spennande utvikling som lokalavisa gjerne vil følgje tett og skrive både godt, kritisk og djupt om. Her er mange interessante folk og spennande historier å ta tak i. I tillegg bognar det av lag og foreiningar og frivillig arbeid som heilt klart fortener å få ein plass i avisa. I dette mangfaldet prøver me så godt me kan å gje alle litt plass og merksemd, spesielt der me meiner det handlar om relevant og samfunnsnyttig informasjon. Sjølvsagt er det fleire saker og miljø me skulle hatt betre dekning på, men korleis me dekker ulike saker er til sjuande og sist opp til lokalavisa å avgjere. Med gode målingar i nettavisa på kva folk i kommunen vil lese om, er det òg lettare å gjere vurderingar for oss. Sjølv om me i lokalavisa har godt nettverk og mange følarar ute, er det uansett viktig å tipse oss slik at me blir klar over kva som skjer og får auge på dei gode historiene. Deretter kan me gjere ei vurdering av kva me kan og vil prioritere av det me får på bordet.