FLAUM: Frå riksveg 36 mellom Bø og Seljord.
FLAUM: Frå riksveg 36 mellom Bø og Seljord. FOTO: Sten Are Pettersen, Statens vegvesen

– Styr unna E134 i deler av Telemark

Både E134 og dei lokale omkøyringsvegane rundt Notodden er stengt på grunn av flaum. Vel andre vegar viss du skal køyre aust-vest i Sør-Noreg.

Statens vegvesen ber folk velje andre vegar enn E134 nå.

– Situasjonen på vegane rundt Notodden er alvorleg og uavklart. Verken hovudvegen E134 eller dei lokale omkøyringsvegane er opne for trafikk. Det er derfor viktig at dei som skal køyre mellom Austlandet og Vestlandet i dag vel andre ruter enn E134 gjennom Telemark, seier Tore Jan Hansen, avdelingsdirektør for Drift og vedlikehald i Statens vegvesen.

Han peikar på E16 over Filefjell, riksveg 7 over Hardangervidda og E18/E39 om Kristiansand som aktuelle omkøyringsvegar.

Fortsatt regn i dag

Det har kome svært mykje nedbør i deler av Telemark og Buskerud det siste døgnet, og Notodden er blant dei stadene som har fått aller mest. Det skal fortsette å regne gjennom dagen på onsdag, sjølv om nedbørsmengdene er venta å vere betydeleg mindre enn dei har vore i natt.

– Hald deg oppdatert

– Me ber alle trafikanter om å vise stor varsomheit når dei ferdast på vegane. Det er fortsatt slik at vegar kan bli stengt på kort varsel. Me ber folk om å halde seg oppdatert om situasjonen på vegane før dei skal ut og køyre. Sjekk status på www.vegvesen.no/trafikk eller via appen Vegvesen Trafikk, seier Tore Jan Hansen.