Fruktbygda SA Rugaas, Vale, Gurholt, Versto Roheim og Haugholt 1 copy

250.000 besøkande til fruktbygda

Fruktbygda SA Rugaas, Vale, Gurholt, Versto Roheim og Haugholt 1 copy

Marknadsfører Fruktbygda. Torunn Irene Rugaas (Epleblomsten), Jorid Vale (Evju bygdetun), Kjersti Versto Roheim (Suigard Dyrud) og Norunn Haugholt (Lystang camping) utgjer marknadsgruppa i Fruktbygda SA. I ryggen har dei støttespelar Bent Gurholt frå Midt-Telemark Næringsutvikling.

Frukt og kultur trekkjer besøkande i hopetal til aktørane i Fruktbygda i Sauherad. Nå kastar dei seg på cruiseturismen.

Det blomstrar i Sauherad for tida. Eit treårig næringsprosjekt med fokus på landbruk, opplevingar, aktivitetar, næringsverksemd, kunst og kultur, alt samla rundt frukt, bær og det flotte kulturlandskapet i fruktbygda, har resultert i etablering av eit mangfaldig og nytt bedriftsnettverk, Fruktbygda SA.
– Nettverket gjev oss inspirasjon, optimisme og tru på ei positiv utvikling for alle som driv med landbruk, reise- og næringsliv i Sauherad, seier talskvinne Jorid Vale.
Ein milepel blei nådd i fjor haust då fruktområdet i Sauherad blei vinnar av Norsk kulturlandskapspris for 2015.
Nettverket består av 15 verksemder, alle aktørar innan landbruk, kultur, reiseliv og næringsliv.

Fruktbygda hadde ei samla omsetting på 35 millionar kroner og heile 250.000 gjester. Det er ei omsetningsauke på tolv prosent i høve året før, medan auken i talet på gjester er på heile 20 prosent.