SKYTEEPISODE. I juli blei det løsna skot i området ved Bø vidaregåande skule. Poltitet ønskjer nå opplysningar om dette frå publikum.
SKYTEEPISODE. I juli blei det løsna skot i området ved Bø vidaregåande skule. Poltitet ønskjer nå opplysningar om dette frå publikum.

300 kontrollert av politiet

Stor politikontroll i Bø

Politiet i Midt-Vest Telemark hadde i samarbeid med Statens vegvesen og Tollvesenet felles trafikkontroll i Bø onsdag ettermiddag. Det var fokus på teknisk stand, fart, rus, mobil og beltebruk, samt sikring av barn. 300 køyretøy blei kontrollert og av desse fekk seks forenkla forelegg for å ha køyrt for fort, medan to fekk forelegg for å brukt mobil under køyring. To køyretøy fekk gebyr fordi dei fortsatt hadde piggdekk. Ni køyretøy fekk køyreforbod, og 21 hadde feil eller manglar på køyretøyet og fekk mangellapp. Ein bilførar fekk i tillegg forelegg for å ha manglande sikring av barn i bilen.