Sosiale medium

Bø i Telemark
12
8°C
 

Dato

Fredag 21. september 2018

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

394 søkjarar til Bø


Populær skule. Bø vidaregåande skule opplever gode søknadstal for skuleåret 2018-2019.

Måndag kom tala for søknad til vidaregåande opplæring for skuleåret 2018-2019. I heile Telemark har 6.499 elevar søkt på skule. 394 elevar har kryssa av for Bø vidaregåande skule som sitt førsteval. Det er på same nivå som i fjor. Rektor ved Bø vidaregåande skule, Jon Helge Bergane, er godt nøgd med at 394 elevar har skulen i Bø som førsteval

– Det er rundt 200 færre tiandeklassingar i Telemark dette skuleåret, dermed blir elevkulla på vidaregåande skule tilsvarande redusert neste år, seier han, men er samtidig godt nøgd med at skulen i Bø klarar å oppretthalde søkjartala.

Dei 394 primærsøkjarane til Bø vidaregåande skule fordeler seg på 125 på første året, og høvesvis 138 og 131 på andre- og tredjeåret.

Del artikkel...Share on Facebook
Facebook
Share on Google+
Google+
Tweet about this on Twitter
Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje