OLYMPUS DIGITAL CAMERA
OLYMPUS DIGITAL CAMERA

4,5 tonn konglar frå Hørte til Hamar

Anca Andrei (t.v.) og Vegar Hvamb sankar kongler frå ein konglerik tretopp. Frå skogplanteskulen på Gvarv er 300 sekkar med kongler sendt til Hamar. Foto: Åsne Mæland


I år er det kongleår, og det er Telemark Skogselskap glad for. På Hallen Skogfrøgård på Hørte har dei plukka 4,5 tonn med kongler som blir sendt vidare til Hamar.


Telemark Skogselskap har hatt det travelt med konglesanking i haust. Det har vore eit godt kongleår, noko som kjem av fjorårets varme sommar. 

Konglar plukka på Hallen Skogfrøgård på Hørte er sendt vidare i sekkar til Skogfrøverket på Hamar.

– I varme somrar lagar trea meir blomsterknoppar når dei avsluttar veksten på ettersommaren, og då blir det mykje kongler året etter, forklarar Vegar Hvamb. 

Han jobbar i Telemark Skogselskap, og har ansvaret for konglesankinga på Hørte.

– På Hallen har me plukka rundt 300 sekkar i år. Det vil seie rundt 4,5 tonn kongler, seier Hvamb. 

Til Hamar 

Hos Skogfrøverket på Hamar blir frøa i konglene tatt ut gjennom ein prosess som kallast klenging.

– Me ønskjer at trea skal få mykje lys og utvikle ei grøn krone med levande greiner, for då produserer dei meir kongler, forklarar Hvamb. 

Derfor er trea på Hallen Skogfrøgård planta med god avstand. For å få tak i konglene er det klatrarar som kuttar av toppen av trea. Deretter går plukkarar og legg dei finaste konglene i sekkar. 

– I ei kongle kan det vere opp mot 200 frø. Ein full sekk kan innehalde rundt 600 gram frø. Desse frøa har stor verdi, og skal gje planter for mange år framover, seier Hvamb. 

Frøa blir selde til skogplanteskular rundt om på Austlandet. 

– Frøa frå Hørte kan bli brukt heilt bort mot svenskegrensa. Litt av frøa kjem også tilbake hit og blir sådd på skogplanteskulen på Gvarv, seier Hvamb. 

Testa frø

Frøa frå Hallen Skogfrøgård er såkalla testa frø. 

– Det betyr at me har fått planta felt med frø frå avlstrea som blei planta her på slutten av 1960-talet. Då kan me måle korleis veksten er på dei nye bestandane og sjå om nokre har meir skader enn andre, til dømes dobbeltoppar. Slik kan me plukke ut dei klonane, det vil seie trea, som ikkje er så bra, og det gjer at me har mykje gode tre. Frøa frå Hallen er veldig populære, seier Hvamb. 

Fordi Skogfrøgården ligg rett ved Bø-elva har dei likevel slitt med at insekt og sopp øydelegg konglene. Grankongleviklar og lokkrustsopp er to av dei vanlegaste. 

– I år har det heldigvis vore lite insekt og sopp, i tillegg til at det er eit bra kongleår, seier ein fornøgd Hvamb. 

Kvart sjuande år

– Det er mange år sidan det var eit godt kongleår, og det kan bli mange år til neste gang, seier Hvamb. 

Han forklarar at det er kongleår omtrent kvart sjuande år, men at det kan variere. 

– Nokre gonger kan det vere gode kongleår, men insekt og sopp øydelegg store mengder av konglane. I år har begge deler vore bra, og det utnyttar me så godt me kan. Derfor plukkar me kvar einaste friske kongle, seier Hvamb.