Bø blad for 25 år sidan – til papiravisa 13. juni

 

Frå arkivet: Bø blad 10. juni 1999

 Himmelstormarar flaug høgt og lågt

Bø Modellflyklubb var overalt i helga, på Krintofjellet, Sandvoll og Vreimsida.

På Lifjell var det seglflyging i sørvestleg vind, på Sandvoll informasjon om elektro-fly, som kjem meir og meir i staden for motorfly fordi dei batteridrivne er lydlause. Dessutan var det grilling og sosialt samvær. Nærmare 100 personar hadde det triveleg til langt på natt laurdag.

Mesteparten av flyginga gjekk føre seg på Vreimsida, på banen som modellflyklubben leiger av Bjørg Skoe.

Mykje av tida gjekk med til flyging etter lystprinsippet, men det blei også halde landingskonkurransar på fjellet og på banen.

Det er strenge reglar for utøving av modellflyverksemd. Kjem eit fly ut av styring og styrtar, er det ingen spøk. I ein roleg periode med lite folk på Vreimsida fekk bladfyken demonstrert flyhavari.

– Fingerfeil, var Jarle Østerli sin kommentar. Han flaug aktivt for fyrste gong på tre år, og var godt fornøgd heilt fram til krasjet.

Leiar i modellflyklubben, Ingmar Ulvenes, oppfordrar fleire til å bli med i klubben. Han fortel at det ikkje er nokon aldersgrense for deltaking. Medlemstalet har ligge på nokon og førti, nå er det nede i 17. Ein 10-12 -åring  med støtte av ein vaksen lærer fort å få med seg fingrane, meiner han.