Sosiale medium

Bø i Telemark
03
23°C
 

Dato

Fredag 23. august 2019

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Byggefirma skifter eigar

Nye eigarar F.v. dagleg leiar TVB Bolig, Ole Gunnar Thommesen, Georg Førland og Ole Ivar Schia har fått nye eigarar. Thommesen er ein av dei. Arkivfoto



Deler av Betonmast er tilbake på telemarkshender. Det skal ikkje skje noko med arbeidsplassane i Bø.

Konsernet Betonmast har selt TVB Bolig AS og TVB Tomter AS til ei gruppering der det blant anna er med tidlegare eigarar. Det skriv Betonmast i ei pressemelding.

Det var i 2015 at Betonmast kjøpte firmaet HRL med hovudkontor i Skien. HRL hadde tidlegare kjøpt opp Midt-Telemark Entreprenør i Bø. I starten heitte avdelinga i Bø Betonmast MTE, men i 2016 vart det endra til Betonmast TVB Bolig og Betonmast Telemark som var entreprenørdelen.

No opplyser Betonmast at det har skifta strategi og skal satse på entreprenørdelen, dermed sel firmaet ut den delen av selskapet som bygger bustader og hytter. Dei nye eigarane er Jørn Heidenreich-Riis, Pål Lillefjære, Bjørn Anker, Morten Rosbach, Morten Hogstad og Ole Gunnar Thommesen.

Dagleg leiar for TVB Bolig, Ole Gunnar Thommesen, seier at det ikkje blir noko endring for dei tilsette i Bø.

Georg Førland ved avdelinga i Bø er også godt tilfreds.

– Det har vore lærerikt å vere i eit stort konsern, det tek me med oss, men me har god fart og blir ikkje bremsa av eigarskiftet, seier Førland.  

Del artikkel...Share on Facebook
Facebook
Share on Google+
Google+
Tweet about this on Twitter
Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje