– Godt nøgde
Russen i Bø har samla inn 95.300 kroner til Krafttak mot kreft, ein aksjon som Kreftforeningen står bak.
– Det er eit resultat me er godt nøgde med, seier ei av dei som organiserte innsamlingsaksjonen, Annika Momrak. Ho takkar alle som har gitt pengar.
I fjor fekk rusen inn 74.196 kroner i Krafttak mot kreft-aksjonen. Rekorden frå 2016 står framleis, då fekk russen inn 100.817 kroner.