181129 Sauherad skole

Aksjonerer for ny skule

Den slitne Sauherad barne- og ungdomsskole engasjerer mange. Foto: Gro B. Røiland

Skulesaka i Sauherad engasjerer breitt. I kveld får kommunestyret presentert skisser og budsjett for ny skule på Gvarv.

Om det blir byggestart i 2019 eller ikkje, blir avgjort i budsjettmøtet i desember. Ifølgje rådmannen har kommunen ikkje råd.

På initiativ frå Akkerhaugen Velforening, blir det i forkant av kommunestyremøtet i ettermiddag protestaksjon ved kommunehuset mot utsetting av skuleprosjektet.

– Bygging av ny skule er allereie langt på overtid, skriv Akkerhaugen Velforening.

I eit opprop frå FAU i Sauherad med krav om 1-10-skule nå, blir det påpeika at ny skule på Gvarv er eit viktig punkt i intensjonsavtala om samanslåing av Sauherad og Bø.

– Denne investeringa er heilt nødvendig for den nye kommunen. Me har ikkje noko tru på at det blir lettare økonomisk ved å utsette vedtaket, uttalar FAU.