Olsenbanden

Alt var taima og tilrettelagt

Fargerik gjeng. Stemninga var god like etter at Dynamitt Harry hadde kobla bort bomba.

Den flottte gjengen som utgjer Bø Barne- og Ungdomsteater har i helga gjort unna to framsyningar av teaterforestilllinga Olsenbanden Jr. på cirkus. For to godt besøkte hus på Sandvin har dei vist eit fargerikt og morosamt stykke. Her var det fart og spenning, og veldig mykje godt spel og fin song. Publikum såg ut til å storkose seg. Og det gjorde jammen alle flinke folk i teatergjengen også, både dei som stod på scene og alle som jobba i kulissane.

Bø blad kjem tilbake med fleire bilete og film, og sjølvsagt brei dekning i komande avis.