Sosiale medium

Bø i Telemark
07
1°C
 

Dato

Torsdag 21. november 2019

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Anders og Johanne nominerte til pris

Anders Røine og Daniel Sandén-Warg er nominerte til Folkelarmprisen for albumet «Bibopalula». Arkivfoto: Gro B. Røiland

Under festivalen Folkelarm i Oslo 14. til 17. november blir det delt ut prisar til femten album i fire ulike kategoriar innan folkemusikk. Kategoriane er dokumentasjon, solo, tradisjonelt samspel og open klasse.

Den nye felekommunen Midt-Telemark har svært mange dyktige folkemusikarar. To av dei er blant dei nominerte til årets Folkelarm-prisar.

I desember i fjor kom albumet «Bibopalula» med duoen Røine/Warg, nærmare bestemt Anders Røine og Daniel Sandén-Warg. Albumet er ein av fem nominerte album i Open klasse.

Johanne Flottorp, opphavleg frå Åmli, men med Gvarv som ny bustadadresse, er nominert i to kategoriar med to album. I kategorien Solo er ho nominert for albumet «Johanne Flottorp». Ho er også nominert i Tradisjonelt samspel med gruppa Raabygg for albumet «Ein etter mor».

Johanne Flottorp er nominert i to kategoriar. Arkivfoto: Gro B. Røiland


Her er komplett liste over dei nominerte:

Dokumentasjon:

Anders Kjerland: Helsing med tonefylgje (Aksent)
Hallvard T. Bjørgum / Gunnar Stubseid: Dreng Ose (Sylvartun Folkemusikk)
Knut Hamre: Slåttar frå Granvin (Heilo/Grappa Musikkforlag AS)

Solo:

Benedicte Maurseth: Benedicte Maurseth (Heilo/Grappa Musikkforlag AS)
Johanne Flottorp: Johanne Flottorp (Ta:lik)
Trygve K. Vågen: På Møsstrond (Ta:lik)

Tradisjonelt samspel:
Raabygg: Ein etter mor (Etnisk Musikklubb AS)
Rydvall/Mjelva: Vårvindar Friska (NFB Records)
Sver: Reverie (Folkhall Records)
Ånon Egeland/Mats Edén/Mikael Marin: Egeland/Edén/Marin Vol 1 (5b.no AS / Taragot)

Open klasse:
Benedicte Maurseth, Berit Opheim, Rolf Lislevand, Håkon Stene: Tidekverv (Heilo/Grappa Musikkforlag AS)
Carl Petter Opsahl & Jo Asgeir Lie: #23 (Kvarts)
Erlend Apneseth Trio med Frode Haltli: Salika, Molika (HUBRO / Grappa Musikkforlag AS)
Morgonrode: Morgonrode (ta:lik)
Røine / Warg: Bibopalula (ta:lik)

Del artikkel...Share on Facebook
Facebook
Share on Google+
Google+
Tweet about this on Twitter
Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje