Sosiale medium

Bø i Telemark
07
1°C
 

Dato

Torsdag 21. november 2019

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Anne med musikkvideo frå mellomalderkyrkja

Songar og låtskrivar Anne Fagermo er klar med musikkvideo til «She can´t save you». Videoen og låta er spela inn på heimebane i vakre Sauherad kirke i eit ganske anna arrangement enn tidlegare. Det er komponist Henrik Ødegaard som har arrangert musikken på nytt, mellom anna med strykarar frå Oslo-filharmonien.

Den unge låtskrivaren og songaren frå Akkerhaugen debuterte med «She can´t save you» i september. Poplåta er hyppig spela på NRK Telemark, Radio Grenland og musikk-kanalane Radio Signal og Ordentlig Radio.

Ideen til å spele inn musikk og video i Sauherad kirke med strykearrangement kom i etterkant av at Anne song i kyrkja i ei gravferd. Den spesielle klangen og stemninga i steinkyrkja inspirerte. Innspelinga blei ei stor oppleving for dei involverte.

– Sjølv om eg visste at akustikken og stemninga i kyrkja er noko eige, så blir eg framleis litt mållaus. Å spela si eiga låt med flinke musikarar i ei steinkyrkje på staden der eg vaks opp, er vanskeleg å beskrive. Eg føler meg både stolt og takksam, og det er gøy at eg har fått mulegheit til å synge og spela inn live-musikkvideo i eit 850 år gamalt bygg når eg bare er 21 år, seier Anne.

Kyrkjeverje Trond Haugen og kyrkjetenar Kjetil Nyhus la til rette for prosjektet, og eit lokalt filmteam med Gøran Flåtin, Rodas Tadese og Nathalie Hegna stod for filming.

Frå Oslo-filharmonien blei musikarane Cecilia Anne Wilder, bratsj, Minna Elina Fors, fiolin, og Erlend Habbestad, cello, henta inn. Elles deltek Anders Hefre på piano, Camilla Moen på gitar og Deborah Beyene på kor.

Anne Fagermo under opptak av musikkvideoen i Sauherad kirke. Foto: Privat

Del artikkel...Share on Facebook
Facebook
Share on Google+
Google+
Tweet about this on Twitter
Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje