Hans Kortner Ryen Statens vegvesen 24. april 2018 3800

Asal-trea i gata skal bort

Skal plante nye tre. Landskapsarkitekt Hans Kortner Ryen i Statens vegvesen lovar at det skal plantas 18 nye tre til erstatning av dei gamle.

Langs deler av Bøgata og i rundkøyringa står det rundt 20 tre av typen rogn-asal. Vegvesenet har nå bestemt at dei må bort.

Det er landskapsarkitekt Hans Kortner Ryen i Statens Vegvesen, Region Sør, som opplyser om arbeidet som Mesta skal utføre på vegner av vegvesenet neste veke. Samtlege tre som står på rabattane langs Bøgata frå rundkøyringa til Sønstebøtunet, samt dei som står i sjølve rundkøyringa, blir fjerna neste veke. Det dreier seg om 20 tre, alle av typen rogn-asal.
– Me skal skifte ut alle trea. Dei har blitt for omfangsrike og skuggar for veg- og gatebelysninga. Dei er heller ikkje godt eigna til å stå i slike gaterabattar, sidan dei også kjem i konflikt med snøbrøytinga, seier Kortner Ryen, og legg til at trea dessutan er litt klønete plassert i høve lysmastene.

Det blir planta 15 nye svartor av typen «Sakari» langs Bøgata og tre prydkirsebær-tre av typen «Accolade» i rundkøyringa. Plantinga av nye tre vil skje i starten av mai.

Les meir om saka i dagens avis.