Sosiale medium

Bø i Telemark
33
-5°C
 

Dato

Laurdag 16. februar 2019

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Augon frå Gvarv tok gull

Kari Nyhuus Holtskog og Halvor Holtskog (midten) saman med prisutdeler Arne Hjeltnes og Bernt Bucher Johannessen i næringsorganisasjonen Hanen. Foto: Fredrik Solstad, Hanen

Eplemost og fruktvin frå Sauherad er blant det beste i landet. Det blei nok ein gong stadfesta under kåringa av Noregs beste eplemost, eplesider og fruktvin denne veka.

I klassa Årets blandingsmost gjekk mosten Augon frå Nyhuus Gard på Gvarv heilt til topps. Nyhuus Gard slo dermed seg sjølv, for på andreplass kom Vår egen eplemost, laga av Nyhuus til Thon hotell Lofoten. Dermed blei det to pallplasseringar på eplemostprodusenten.

– Konkurransen er kjempetøff, så me er audmjuke og ser dette som ei veldig oppmuntring, seier Halvor Holtskog frå Nyhuus Gard.

I kategorien Årets fruktvin utmerka Lerkekåsa Vingård seg, også med to pallplasseringar. Vinen Mormors hage med bringebær kom på andre plass, mens Gull Eple, også frå Lerkekåsa, tok tredjeplass.

Det var i år rekorddeltaking med 40 produsentar og 130 ulike produkt. Elleve fylke var representert. Frå Telemark deltok sju produsentar.

Konkurransen blei fyrste gong arrangert på Norsk Eplefest på Gvarv i 2009.

– Etter ti år ser me at dyktige og kvalitetsbevisste produsentar landet rundt er opptatt av konkurransen, og dommarane er høgt kompetente fagfolk innan mat og drikke. Me kan markere ti-årsjubileet i trygg forvissing om fortsatt vekst i vidareforedling og utvikling hos fruktprodusentane i heile Noreg, seier Eivind Lønheim, styreleiar i Norsk Eplefest.

Del artikkel...Share on Facebook
Facebook
Share on Google+
Google+
Tweet about this on Twitter
Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje