Sosiale medium

Bø i Telemark
03
-5°C
 

Dato

Tysdag 11. desember 2018

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Forfatterarkiv

Kjempar for ny skule

May Britt Sauro, leiar i Akkerhaugen Velforening, delte ut faklar til dei mange frammøtte. Foto: Gro B. Røiland

 

Dei var mange og tydelege, forsamlinga som møtte opp utanfor kommunehuset på Akkerhaugen måndag.

På initiativ frå Akkerhaugen Velforening, og med støtte frå FAU, var folk samla for å seie si meining om ei eventuell utsetjing av ny barne- og ungdomsskule på Gvarv.

– Ny skule nå! var den tydelege beskjeden kommunestyret fekk med seg inn til kveldens kommunestyremøte.

 

Video frå måndagens demonstrasjon kan du sjå her:

 

Les meir i papiravisa torsdag 29. november.

Aksjonerer for ny skule

Den slitne Sauherad barne- og ungdomsskole engasjerer mange. Foto: Gro B. Røiland

 

Skulesaka i Sauherad engasjerer breitt. I kveld får kommunestyret presentert skisser og budsjett for ny skule på Gvarv.

Om det blir byggestart i 2019 eller ikkje, blir avgjort i budsjettmøtet i desember. Ifølgje rådmannen har kommunen ikkje råd.

På initiativ frå Akkerhaugen Velforening, blir det i forkant av kommunestyremøtet i ettermiddag protestaksjon ved kommunehuset mot utsetting av skuleprosjektet.

– Bygging av ny skule er allereie langt på overtid, skriv Akkerhaugen Velforening.

I eit opprop frå FAU i Sauherad med krav om 1-10-skule nå, blir det påpeika at ny skule på Gvarv er eit viktig punkt i intensjonsavtala om samanslåing av Sauherad og Bø.

– Denne investeringa er heilt nødvendig for den nye kommunen. Me har ikkje noko tru på at det blir lettare økonomisk ved å utsette vedtaket, uttalar FAU.

 

 

– Me treng ny skule nå!

Barn og unge i Sauherad kan ikkje vente lenger på ny skule, meiner Ida-Emile Øien Dalen (f.v.), Per Norendal, Elin Nordskog Rønningen og Tilde Grendahl Holmvik i Ungdomsrådet i Sauherad. Foto: Christina Silseth

 

 

Meldinga frå Ungdomsrådet i Sauherad til politikarane er krystallklar: Ny skule må bli prioritert nå!

Elevane på Sauherad barne- og ungdomsskole fortel om ein skulekvardag med bøtter i gangen for å samle vatn frå taket, dropar i hovudet frå vasslekkasjar, søppelsekkar i vindauga i mangel av gardiner for å stenge ute sollys og varme, raklete stolar og beskjed om ikkje å skrape i veggar fordi dei inneheld asbest.

Blir ny skule utsett igjen, er ungdomane bekymra for kor lang utsetting det kan bli.

– At kommunen skal ha råd til ny skule om eit år viss me ikkje har råd nå, det trur me ikkje noko på, seier Per Norendal i Ungdomsrådet.

 

Les meir i papiravisa eller i e-avisa på nett for abonnentar.

Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje