Sosiale medium

Bø i Telemark
02
9°C
 

Dato

Tysdag 16. oktober 2018

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Forfatterarkiv

Riksteatret hjelper Gullbring

Kjersti Eilertsen (t.v.) og Tom Remlov (t.h.) frå Riksteatret vil hjelpe Katharina Skomedal og André Hustoft Nesheim å fylle storsalen i Gullbring. Foto: Gro B. Røiland

 

 

 

Gullbring kulturanlegg skal få hjelp av Riksteatret til å fylle salen med publikum på teaterframsyningar. Kulturhuset i Bø er ein av fleire scenar som Riksteatret tilbyr kursing, hjelp og samarbeid om marknadsføring og sal.

Konstituert leiar i Gullbring, Katharina Skomedal, er glad for tilbodet som ho seier kan kome til nytte både for teater og andre arrangement.

 

Les meir i papiravisa eller i e-avisa på boblad.no.

Beintøffe elevar i Bø

Elevane i 7. klasse på Folkestad skule er med i årets Beintøft. Foto: Gro B. Røiland

 

Gå til skulen-aksjonen Beintøft er i full gang. I Midt-Telemark er det elevane på Folkestad skule og Bø skule som deltar. 

Fram til 28. september går aksjonen Beintøft på skular over heile landet, med 40.000 elevar med. Dette er landets største gå til skulen-aksjon. Bak står miljøvernorganisasjonen Miljøagentene. Målet er å bidra til større miljøengasjement og bevisstgjering av miljøproblem knytt til bilkøyring i lokalsamfunnet.

 

Les meir i papiravisa eller i e-avisa på boblad.no

Ventar på fleirbrukshall

Anne L. Nordlien (f.v.), Asle Aase, Solfrid Bratland-Sanda og Ingunn Espesett Vreim er einige om at ny fleirbrukshall på Gvarv er viktig for idretten i Midt-Telemark. Foto: Gro B. Røiland

 

Skuffelsen er stor i idretten i Midt-Telemark etter at ny fleirbrukshall på Gvarv er satt på vent. Da kommunestyret i Sauherad i juni vedtok bygging av ny barne- og ungdomsskule, fann det ikkje pengar til fleirbrukshall nå. I samarbeid med idrettslag og andre aktørar skal kommunen arbeide vidare med løysingar og finansiering, og fleribrukshall skal ifølgje vedtaket kome som 2. byggetrinn med sikte på gjennomføring så snart som muleg.

Spørsmålet representantar for idretten stiller seg er når kommunen – Sauherad eller Midt-Telemark – vil ha økonomi til å setje i gang 2. byggetrinn.

 

Les meir om saken i papiravisa eller i e-avisa på boblad.no

Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje