Sosiale medium

Bø i Telemark
38
10°C
 

Dato

Onsdag 20. juni 2018

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Forfatterarkiv

Hol i taket på landhandelsmuseet

Hans Aasmund Saga (f.v.), Sigmund Haugestaul, Einar Fagerås og Asbjørn Storesund i bygnings- og vedlikehaldsutvalet ved Bø museum. Foto: Gro B. Røiland

 

Det hastar med å få nytt tak på Åheim landhandel ved Oterholt. Det meiner bygnings- og vedlikehaldsutvalet ved Bø museum som har kartlagt bygningane i museets eige.

– Vasslekkasjane er i ferd med å bli til skader i soverom, og me har muggskader på loftet, seier Einar Fagerås, leiar i utvalet.

Å skifte tak er kostnadsberekna til 600.000 kroner. Bø museum fekk nyleg 100.000 kroner av Sparebankstiftinga, men framleis manglar ein halv million kroner.

Les meir i papiravisa eller i e-avisa på boblad.no.

Pilegrimsvandring i Midt-Telemark

Soknediakon Ivar Solbu er ei av eldsjelene bak pilegrimsvandringa gjennom Sauherad og Bø. Foto: Gro B. Røiland

 

Diakon Ivar Solbu har vandringsstav og gode sko klare til pilegrimsvandringa andre pinsedag. Han er ei av eldsjelene bak vandringa som går frå Nes kyrkje til Bø gamle kyrkje måndag.

Turen er 22 kilometer lang og vegen går gjennom blomstrande frukthagar og historisk kulturlandskap, langs elver og stiar og innom kulturhistoriske bygg og stadar. Evju bygdetun, Hørte dampfarveri, Bø museum og Bø prestegard byr på mat og kvile.

Mange reiser langt for å delta. Nøyaktige tal har han ikkje, men Solbu anslår at om lag 500 menneske var med på vandringa i fjor.

– Denne dagen er eit utstillingsvindauga for bygdene våre. Viss dei som bur i nærleiken av der folk vandrar vil heise flagget, hadde det vore nydeleg, seier Solbu.

 

Les meir om pilegrimsvandringa i papiravisa eller i e-avisa.

Strålande fin 17. mai-dag

Lensmann Sigrid Dahl gjekk fyrst i 17. mai-toget saman med Bø speidergruppe. Foto: Gro B. Røiland

 

Det blei ein strålande fin 17. mai i Midt-Telemark, med solskinn og nok vind til å ha det bra i bunaden. I dagens papiravis eller e-avis kan du sjå bilete frå feiringa i Bø og Sauherad.

 

 

 

Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje