Sosiale medium

Bø i Telemark
38
10°C
 

Dato

Onsdag 20. juni 2018

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Forfatterarkiv

Frisørbygda Bø

160303 frisørbygda 1 Melissa Aaland og Jeanett Jensen Holte

Melissa Aaland (t.v.) og Jeanett Jensen Holte i Melissa´s Salong er to av 33 frisørar i Bø. Foto: Gro B. Røiland

 

To nye frisørsalongar opna dørene i Bø i februar. Dermed har Bø elleve salongar, som sysselset heile 33 frisørar.

Siste skot på frisørstamma i Bø er Melissa´s Salong i Stasjonsvegen og Salong K i Bordvegen i Breisås. Veteranen i faget er Slaattedahl Frisør, som har hatt salong i Bøgata sidan 1977.

I papiravisa kan du lese meir om frisørbygda Bø, eller du kan kjøpe avisa på buyandread.com  

Ponnikusken frå Bø

160303-Kristin-Aaland

Kristin Aaland med ponnien Kråkstad Maja, som er ein Gotlandsruss. Går alt etter planen, startar dei i ponnitråvløp på Klosterskogen påskeeftan. Foto: Gro B. Røiland

Tolv år gamle Kristin Aaland i Bø Tråvlag har fått lisens som ponnitråvkusk. Nå håpar ho å kunne starte i Klosterskogen Grand Prix påskeeftan.

Ponnitråv er Det Norske Travselskaps (DNT) rekrutteringstiltak for tråvsporten. Kuskane er i alderen 8 til 21 år. For å få lisens må ein ha minimum 30 timar med teori og praksis, og mellom anna køyre prøveløp saman med fleire. Kurset blir avslutta med teoretisk og praktisk eksamen.

Bø-jenta tok prøva på Klosterskogen 31. januar.

– Det gjekk greitt. Det var ikkje så vanskeleg, seier Kristin, som bestemte seg for å ta lisens som ponnitråvkusk da ho var sju-åtte år gamal.

 

Les meir om Kristin i papiravisa eller kjøp avisa på buyandread.com

Nominert til Rivertonprisen

150903-Vidar-Sundstøl-1

Vidar Sundstøl vann Rivertonprisen i 2008 for «Drømmenes land». Nå er han nominert til prisen for «Djelevens giftering», ein spennande krimroman med handling frå Telemark. Foto: Gro B. Røiland

 

Forfattar Vidar Sundstøl er nominert til Rivertonprisen 2015 for «Djevelsens giftering», ein krimroman der handlinga er lagt til Bø og Eidsborg.

Sundstøl er ein av fem nominerte til denne prisen, som blir gitt til beste krimroman frå bokåret 2015.

– Dette kom veldig overraskande, men det er ei overrasking av det hyggelege slaget, seier Sundstøl.

I 2008 vann han den ettertrakta Rivertonprisen for «Drømmenes land», som er fyrste boka i Minnesota-trilogien.

 

 

Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje