Sosiale medium

Bø i Telemark
02
9°C
 

Dato

Tysdag 16. oktober 2018

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Forfatterarkiv

Flytta frå Oslo til Bø

Lou Cathrin Norreen (f.v.), fungerande leiar, Anne D. Nilsen, seniorkommunikasjonsrådgjevar, og Kjersti Falck, rådgjevar, har nå jobbadresse Lundevegen i Bø. Foto: Gro Birgitte Røiland

 

Måndag 3. september flytta FUB og FUG sitt sekretariat frå Oslo til Bø. Seks av ti tilsette følgde med jobbane sine frå hovudstaden til Telemark.

Foreldreutvalget for barnehager (FUB) og Foreldreutvalget for grunnopplæringen (FUG) er utval på nasjonalt nivå. Begge utvala har fram til i fjor hatt base i Oslo, men i juni 2017 vedtok regjeringa at sekretariatet skulle flytte frå kontora sine i Schweigaardsgate i Oslo til Bø.

 

Les meir i papiravisa eller i e-avisa på boblad.no

 

Slaktar ny sentrumsplan for Bø

 

Parkering innanfor sykkelfeltet er ei ulykkesfelle for syklistar, meiner Terje Wold. Foto: Øystein Akselberg

 

Sykkelentusiast Terje Wold meiner planane for endring av Bøgata vil skru tida 20 år tilbake. Han kunne ikkje tru sine eigne augo da han las om den nye sentrumsplanen i Bø blad.

– Nå må politikarar og innbyggjarar i Bø vakne! Byråkratar med spesielle ideal må ikkje få styre utviklinga og la sykkelbygda overstyre handelsbygda. Det vil redusere den positive trenden Midt-Telemark er i. Det er bra at det blir lagt til rette for syklande og gåande, men dersom ikkje trafikkflyten for gjennomgangstrafikk og lokaltrafikk frå Midt-Telemark kommune blir ivaretatt, vil handelsbygda lide. Det vil også sykkelbygda, seier Wold.

 

Les meir i papiravisa eller i e-avisa på nett.

Fallulykke ved Gygrestolen

Skada beinet i fall ved Gygrestolen

Gvarv Røde Kors Hjelpekorps blei Kristi himmelfartsdag kalt ut for å berge ut ein person som hadde falt og skada beinet sitt på tur ned frå Gygrestolen. Elleve personar frå hjelpekorpset drog ut og fekk transportert pasienten ut på båre til veg der ambulanse frakta videre til legevakt.

Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje