Sosiale medium

Bø i Telemark
36
-9°C
 

Dato

Sundag 25. februar 2018

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Forfatterarkiv

Bø-russen tek eit krafttak mot kreft

Russen ved Bø vidaregåande skule tek kvart år eit krafttak mot kreft, og i år er tema for innsamlinga seinskader etter behandling. F.v. skulekontakt Irene Bøen, Iselin Storhaug, Anders Hesthag og Annika Momrak i innsamlingskomiteen. Foto: Marta Kjøllesdal

 

 

I år tek russen ved Bø vidaregåande skule i bruk digitale hjelpemiddel og utfordrar også næringslivet til å gje til den årlege innsamlinga Krafttak mot kreft. Pengane går til forsking på seinskadar.

Det er Kreftforeningen som står bak innsamlingsaksjonen. Pengane frå årets aksjon skal gå til å forske på korleis dei som overlever kreftbehandlinga kan få det betre.

– Å vere med på Krafttak mot kreft har blitt ein positiv tradisjon ved skulen, seier Annika Momrak, ein av russen som er med og organiserer aksjonen i Bø.

For å få inn pengar skal russen gå med bøsser 6. mars. Dei brukar same kartet over roder som blir brukt i TV-innsamlinga. Elevane ved Bø vidaregåande skule skal gå i Bø og i Sauherad.

 

Les meir i papiravisa eller i e-avisa på boblad.no.

 

 

Bandtvang i Sauherad

Unnatak. Dresserte hundar som blir brukt til å vakte bufe, hundar i aktiv politi-, toll eller redningsteneste og hundar som blir brukt i ettersøk etter skada eller sjukt vilt er unnateke bandtvangen. Arkivfoto

 

Rådyra slit i snøen

Det er innført ekstraordinær bandtvang for hund i Sauherad

– I vinter har det kome store mengder snø i heile kommunen. Hjorteviltet generelt, og rådyra spesielt, har av den grunn fått vanskelege forhold, står det i sakspapira til vilt- og fiskeutvalet i Sauherad kommune.

Det står vidare at på denne tida av året bør ikkje rådyra utsetjast for unødig stress og jaging fordi det er lite mat og vanskeleg å ta seg fram. Utvalet har av den grunn innført ekstraordinær bandtvang  i Sauherad frå dags dato, det vil seie 12. februar.  Bandtvangen vil gjelde fram til ordinær bandtvang 1. april.

Det er tidlegare innført ekstraordinær bandtvang i Nome og Bø.

 

Arvid Hagen Ap-leiar

Midt-Telemark Arbeiderparti. Nokre av dei nyvalde styremedlemmane f.v.: Arvid Hagen, fylkesordførar Sven Tore Løkslid (Ap), Mari Anne Jensseter, Merete Kaste, Inger Marie Dahl, Kari Vala, Jan Sigurd Pettersen, Karin Hagen, Hans Sundsvalen og Jon Halvor Svalbjørg. Foto: Arbeiderpartiet

 

 

 

Styret i det nye Midt-Telemark Arveiderparti

Onsdag kveld valde årsmøtet i det nystifta Midt-Telemark Arbeiderparti styre. Arvid Hagen, som sat som siste leiar i Bø Arbeiderparti, vart vald til den første leiaren.

 

Nestleiar vart Bjørn Hesthag, Sauherad, medan tidlegare ordførar i Sauherad, Hans Sundsvalen, er sekretær. Kari Vala, Sauherad, er vald til kasserar og Jon Halvor Svalbjørg, Bø, er fagleg politisk ansvarleg. Karin Hagen er studieleiar og Mari Anne Jensseter er kvinnekontakt.

 

Styremedlemmar er Inger Marie Dahl og Arne Storhaug. Merete Kaste og Arne Petter Akseth. Dei andre vala:

Arbeidernes arkiv: Arnold Aarmodt og Einar Djuve. Kasserar Folkets Hus: Henry Bråthen, Revisorar: Arnold Aarmodt og Arnhild Huset Carlsen.

Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje