Sosiale medium

Bø i Telemark
38
10°C
 

Dato

Onsdag 20. juni 2018

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Forfatterarkiv

HiT er historie, HSN i gang

Kroa i Bø, august 2010

Historie. Kroa og barnehagen Veslekroa var dei siste funksjonane som kom til Gullbring. Her er dei framleis i Napastaa-bygget. Foto: Øystein Akselberg

 

Bø-tilhengarane på offensiven

Direktør Asmund Brenden støvsugde medan sekretær Gunhild Haugen pussa vindauge. Det var ikkje alltid så mykje å gjere i starten, men det endra seg raskt.

Frå 1.1. 2016 er Høgskolen i Telemark (HiT) historie. Nå er den ein del av Høgskulen i Søraust-Noreg (HSN) saman med tidlegare Høgskolen i Vestfold og Buskerud (HBV), og eit nytt kapittel tek til. Historiene frå utviklinga av institusjonen er mange.

I år er det 46 år sidan Bø fekk Telemark distriktshøgskule, truleg stikk i strid med kva dei fleste ville spådd berre eit år i førevegen. Ideen om eit regionalt høgare utdanningssystem, distriktshøgskular, vart lagt fram i 1965. Professor emeritus med historie som fag, Olav Rovde, fortel at i Telemark peika det meste mot ei plassering i Grenland så seint som i 1968.

– Frå 1969 til -70 skjer det noko, då kjem Bø-tilhengarane på offensiven, fortel Rovde

 

Foto på framsida:

Då Gunhild Haugen starta på det som heitte Telemark distriktshøgskule hadde ho kontor med peis i det gamle meieriet. I 1994 var ho med på at høgskolen vart samla i Gullbring.

Les meir i Bø blad på papir eller kjøp avisa på nett på buyandread.com

Vintertur i Eikjabygda

 

 

160107 Skulehuset Eikjabygda

Eikjabygda skule. Bak den gamle skulen i Eikjabygda er det sett opp ein lavoo. Det blir det servert kaffi, saft og lappar under vinterturen søndag. Foto: Øystein Akselberg


Vil bevege bygda

Bygdekvinnelaget vil ha folk ut og i aktivitet heile året. For å hjelpe til med det vil dei arrangere ein tur kvar årstid. Søndag er det vintertur i Eikjabygda.

– Me startar ved Grendehuset i Eikjabygda. Det er lagt opp til to rundar, ei løype på 2,5 kilometer og ei som er 3,5 kilometer, seier Helga Eika.

 

Les meir i Bø blad på papir eller kjøp avisa på nett på buyandread.com.

Startar nytt entreprenørselskap

 

 

Ny runde. Håkon Strand, Jens Olav Høibø, Stian Sveinsson, Sigmund Verpe, Tor Mange Nevestveit og Dan Norheim startar nytt entreprenørselskap. Tre av dei har gjort det ein gong før. Telemark ByggEntreprenør (eigen skrivemåte) Telemark Byggentreprenør (normalisert)

Ny runde. Håkon Strand, Jens Olav Høibø, Stian Sveinsson, Sigmund Verpe, Tor Magne Nevestveit og Dan Norheim startar nytt entreprenørselskap. Tre av dei har gjort det ein gong før.

Bryt ut, byggjer nytt

Fire tilsette i Betonmast har slutta og startar Telemark Byggentreprenør AS frå årsskiftet. Tre av dei som i si tid etablerte Midt-Telemark Entreprenør er med.

To av dei rett nok som styremedlemmar og ikkje snikkarar. Det er Håkon Strand og Jens Olav Høibø som begge er pensjonistar. Sigmund Verpe er den tredje. Saman med Stian Sveinsson, Dan Norheim og Tor Mange Nevestveit har han no jobb i Telemark Byggentreprenør AS, forkorta til TBE.

 

Bildet på framsida: f.v. Jens Olav Høibø, Stian Sveinsson, Håkon Strand, styreleiar, Dan Norheim, Tor Magne Nevestveit, dagleg leiar, og Sigmund Verpe,

Les meir i Bø blad på papir eller kjøp avisa på nett på buyandread.no

Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje