Sosiale medium

Bø i Telemark
03
-5°C
 

Dato

Tysdag 11. desember 2018

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Forfatterarkiv

Nytt søkkehòl i sentrum

 

 

Hol-i-fortau-ved-kommunehuset-07-

Mot banken. Det nye holet er i fortauet på enden av kommunehuset mot banken.

 

 

Nytt søkke-hòl over overvassleidning

På fortauet ved sør-austre enden av kommunehuset dukka det opp eit hòl i bakken i går, tysdag. Årsaka er sannsynlegvis overløpsrøret frå Hellandvegen til Evjudalen.

18. desember i fjor dukka det på kort tid opp ein dump i gangvegen framfor Bø torg. Då vart det frå tekisk etat konkludert med at årsaka truleg var overvassrøret som vart bora gjennom grunnen frå Hellandvegen til Evjudalen veka før. Den gongen hadde ein ein geoteknikar til å vurdere situasjonen fordi ein frykta for hovudvassleiinga som går langs Bøgata. Hadde det utvikla seg frykta Lars Tore Svensen ved teknisk etat at riksvegen også kunne skli ut. Men grunnen roa seg, holet vart fylt opp og ein ville vente til våren med vidare vurdering av situasjonen

No har det altså dukka opp eit nytt søkkehòl, rett nok ein del mindre.

– Telen har slept og regnet natt til i går har vaska ut masse, seier Olav Langkås, leiar for veg, vatn og avløp ved teknisk avdeling i Bø kommune.

Han seier at ein vil fylle att holet og vente til sommaren med finpussen.

– Dette er veldig merkeleg, det vart ikkje fjerna mykje masse då røret vart bora igjennom, seier Langkås.

 

 

Hol-i-fortau-ved-kommunehuset-03-

Vil fylle opp. Olav Langkås ved teknisk etat i kommunen seier at ein vil fylle opp i hòlet no og ta finpussen til sommaren.

Samlar botanisk interesserte

 

160317-botanikkmøte-privat-

Botanikkinteresserte. Tora Skjerkholt Aarnes, Odd Vevle, May Berthelsen o g David Mundal var med på møtet for botanikkinteresserte. Foto: Privat

 

Vil skape nettverk

Ei gruppe botanisk interesserte personar i midtre og øvre Telemark har samla seg og ønskjer å auke interessa for naturen og skape nettverk mellom interesserte personar.

– Me prøvar å samle botanisk interesserte i dette området. Målet er ikkje å danne ei botanisk foreining i konkurranse med Telemark Botaniske Forening, seier ein av dei, Torbjørn Norendal.

Byggje nettverk

Han seier ein heller vil vere ei støtteforeining, men så langt er det ikkje konkrete planar om konkret organisering, ein går for ei lausare form der ein kan byggje individuelle nettverk og organisere aktivitetar.

Les meir i papiravisa eller kjøp avisa på nett på buyandread.no

Saknar nei-argument

160317-Meiningsmålling-Bjørn-Nordbø-05-b

Bjørn Nordbø ønskjer at det kjem fram konkrete nei-argument. Kvar kommunehuset ligg meiner han er uinteressant.

 

– Viktig for å få god debatt

– Det har kome mykje informasjon, men få nei-argument, meiner Bjørn Nordbø.

Han viser til folkemøtet der det ikkje var lagt opp til nei-argument og då er det vanskeleg for andre å kome med dei.

– Skal ein ha ein god debatt så treng ein begge sider. Det er alltid to sider, meiner Nordbø.

 

Les om meingsmålinga om kommunesamanslåing og kva folk meiner er viktig når ein skal bestemme seg i papiravisa. Du kan også kjøpe avisa på nett på buyandread.no

Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje