Sosiale medium

Bø i Telemark
33
-5°C
 

Dato

Laurdag 16. februar 2019

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Forfatterarkiv

Bø seier ja i meiningsmåling

Meiningsmåling-Bø

20 prosent veit ikkje. Det er størst veit-ikkje prosent i Bø, her svarar 20 prosent at dei ikkje veit kva dei vil stemme.

 

 Men det blir nei likevel

Det er tydeleg nei i Nome. Dermed blir det ikkje kommunesamanslåing i Midt-Telemark dersom meiningsmålinga Bø blad og Kanalen har fått gjennomført, slår til. Bøheringane seier også ja i meiningsmålinga, men den som seier tydelegast ja til samanslåing er Sauherad.

 

Les meir og sjå fleire tal i papiravisa til Bø blad eller kjøp avisa på nett på buyandread.no.

”Stråletur” til Oslo

20160315_151439

Frå kommunar og fylke. Det var med representantar for kommunane, fylkeskommunen og fagfolk på turen til Oslo. Borgar Kaasa nr tre frå høgre. Foto: privat

 

Kjempar for strålesenter

Tysdag var ei gruppe frå Telemark i Oslo for å kjempe for å få det nye strålesenteret til Skien, blant dei varaordførar Borgar Kaasa (Sp) få Bø. Det var representantar både frå kommunane og fylkeskommunen, i tillegg til fagfolk, med på turen.

Ifølgje eit skriv frå fleire kommuneoverlegar i Telemark får innbyggarane i vårt fylk i mindre grad enn andre nytte av stråleterapi. På grunn av lang reisetid får ikkje telemarkingane den strålebehandling som er medisinsk ønskjeleg.

Forkjemparane for eit nytt strålesenter i Telemark viser til at fleire kommunar får kortare reisetid til eit strålesenter i Skien enn til eit i Tønsberg. Dei peikar også på at fleire av pasientane med lengst veg får kortare reisetid til Skien enn til Tønsberg.

 

 

Nominert til draumestipend

130310-Aina-Dyrud-Wassvik-3

Nominert. Aina Dyrud Wassvik er nominert til Draumestipendet 2016. Foto: Gro B. Røiland

 

Musikk den største interessa

Over 340 unge er nominert til Draumestipendet 2016, ein av dei er 17 år gamle Aina Dyrud Wassvik frå Bø.

Ho skriv om seg sjølv at musikk er hennar største lidenskap og interesse. Ho har halde på med musikk i heile sitt liv. Aina starta med å synge då ho var tre år, i kyrkjekoret. Ho skriv også eigne låtar. Etter kvart starta ho i den kommunale musikkskulen og fekk individuell musikkundervisning og der går ho framleis. Ho har også hatt gitar- og pianoundervisning. Ho har fått fleire lokale prisar og opptredd på Telemarksscena på NRK P1.

 

Les meir i papiravisa eller kjøp avisa på nett på buyandread.no.

Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje