Sosiale medium

Bø i Telemark
01
-2°C
 

Dato

Sundag 24. mars 2019

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Forfatterarkiv

– Eit mykje betre liv

Trening viktig: Helge Moen (60) fortel at trening på Frisklivssentralen har vore viktig for han.

– Eg har eit mykje, mykje betre liv som rusfri. Det trudde eg ikkje sjølv at eg ville få, men det fekk eg. Det er mogleg for alle å få det.

Det seier Helge Moen og han fortel at han veit kva han snakkar om. Han har rusa seg i 40 år. No har han vore edru i over fem år.

– 13. desember 2013, seier han.

Den dagen vakna han og, som vanleg, det første han såg var ei flaske øl. Han begynte å drikke. Halvegs nede i flaska stoppa han opp.

Les heile saka i papiravisa eller i eavisa på nett.

Reagerer på forslag om kommunehussal

Ikkje etter avtala. Wenche Akkerhaugen viser til at det står i intensjonsavtala at ein skal bruke kommunehusa.

– Det er sterke reaksjonar på forslaget om å selje kommunehuset på Akkerhaugen. Det var ikkje dette me gjekk til val på.

Det seier Wenche Akkerhaugen, kommunestyrerepresentant frå Høgre, i Sauherad. 

Det er debatten rundt kvar ein skal lokalisere tenester i nye Midt-Telemark kommune ho viser til.

Som Bø blad skreiv i førre veke  har fellesnemnda og partssamansett utval diskutert dette i to møter utan å kome fram til nokon konklusjon. Frå administrasjonen si side er det skissert to alternativ.

Les meir i papiravisa eller i eavisa på nett.

Lunden nominert til Nordisk råds litteraturpris 


Eldrid Lunde på eit av arrngementa til Bøker i Bø. Foto: Øystein Akselberg

Eldrid Lunden, Bø, er nominert til Nordisk råds litteraturpris for diktsamlinga «Det er berre eit spørsmål om tid».

Den andre norske forfattaren som er nominert er Jan Grue for sjølvbiografien «Jeg lever et liv som deres. En levnetsbeskrivelse». Det skriv NRK på  nett.

Nordisk råds litteraturpris går til ein av tretten nordiske forfattarar.

Lunden var i mange år leiar av forfattarstudiet ved det som no heiter Universitetet i Søraust-Noreg. Ifølgje Forfattarkatalogen på nett har Lunden gitt ut 15 bøker, både diktsamlingar og essay.

Den første norske forfattaren som vann prisen var Tarjei Vesaas. Den siste var Jon Fosse i 2015. Kim Leine frå Seljord vann prisen i 2013.

Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje