Sosiale medium

Bø i Telemark
02
28°C
 

Dato

Måndag 25. juni 2018

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Forfatterarkiv

Foreslår å legge ned studium i Bø

Støtte frå Vestfold. Historieprofessor med kontorplass i Vestfold, Ole Georg Moseng (midten), oppfattar historie som eit fag på to plassar og støttar kollegane i Bø: stipendiat Kristian Holen Nymark (t.v.), professor Jens Johan Hyvik, Moseng, førsteamanuensis Kai Petter Østberg og professor Nils Ivar Agøy.

 

 

 

Tilsette fryktar rasering av forskingsmiljø

Det har kome forslag om å legge ned historiestudia ved Universitetet i Bø. Dei 55 studieplassane skal flyttast over til økonomistudiet. Tilsette fryktar rasering.

 

Professor Nils Ivar Agøy forklarar at det er fakultetsleiinga ved Handelshøyskolen i Universitetet i Søraust-Noreg (USN) som har foreslått å legge ned historiestudia i Bø, både nettstudiet og det som er lokalisert i Bø.

– Me meiner at å legge ned historietilboda i Bø i praksis vil vere ei rasering a veit av dei mest forskingsaktive miljøa ved institusjonen, som også har tilbod om forskingsbasert undervisning.

Dekan Hans Anton Stubberud seier handelshøgskulen må spisse profilen. Dessutan er det for mykje med historie på to plassar.

 

Les meir i papiravisa eller eavisa på nett. Avisa kan også kjøpast på buyandread.no.

Kommunepsykologen på plass

Kontor i Bø. Brita Rønning Iversen har formelt Sauheard som arbeidsgjevar og kontorstad på sjukeheimen i Bø, men ho skal helst vere mykje ute og gje råd i dei ulike einingane.

 

Felles for Bø og Sauherad

Bø og Sauherad kommunar har gått saman om å tilsetje kommunepsykolog. Psykologen fortel at ho ikkje skal behandle enkeltpersonar, men vere med på å utvikle kommunens arbeid med psykisk helse.  

– Det blir satsa meir og meir på psykisk helse og folkehelsearbeid. Blant barn og unge er psykisk helse den største utfordringa, seier Brita Rønning Iversen som er tilsett i stillinga.

Ho legg til at samhandlingsreforma også gjer at kommunane får nye oppgåver.

– Dei to kommunane er inne i spennande utvikling med nye oppgåver og i starten på kommunesamanslåing. Det fører til interessant utviklingsarbeid, seier ho.

Totalforbod mot open eld

Absolutt ikkje lov. No er det ikkje lov å tenne opp bål eller grill ute i det heile.

 

Gjeld også innmark

På grunn av stor skogbrannfare har brannsjefen i Midt-Telemark brann- og redningsteneste fatta vedtak om forbod mot bruk av open eld utandørs i Bø, Nome og Sauherad.

Forbodet gjeld all bruk av open eld som kan antenne gras, skog og liknande. Forbodet gjeld frå 25. mai og til situasjonen endrar seg. Det skriv brannsjef Svein Ove Kåsa på heimesidene til kommunane.

Forbodet gjeld ikkje berre i utmark, men også på innmark. Det vil seie:

  • Det er ikkje lov å tenne bål og grill i strandsona eller i nærleiken av skog, mark og innmark
  • Det er ikkje lov å tenne opp bål på dei vanlegvis tilrettelagde bålplassane
  • Det er ikkje lov å tenne opp små kaffibål
  • Det er ikkje lov å brenne hageavfall, sjølv på eiga tomt. Dette kan leverast inn på avfallsmottak

Brannsjefen skriv også at dei som driv i skogen må vurdere om det er forsvarleg å halde fram drifta. Han oppfordrar til å respektere totaltforbodet mot bruk av open eld i denne perioden.

Ved brann eller farlege situasjonar bed brannsjefen folk om å ringje 110

 

Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje