Sosiale medium

Bø i Telemark
02
9°C
 

Dato

Tysdag 16. oktober 2018

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Forfatterarkiv

Sønstebø feirar 90 år

Stor jubleumsfeiring. Fire blad Sønstebø trår til med tredagars storfeiring i høve verksemda sitt 90-årsjubileum. Denne veka blir det gode tilbod og mange aktivitetar på huset. Her er f.v. Morten, Jan Helge, Tove og Monica framfor Sønstebøtunet. Foto: Øystein Akselberg

Sønstebøfamilien feirar denne veka at det er 90 år sidan den første Sønstebø-butikken opna i Bøgata. Nå er også fjerde generasjon Sønstebø med i verksemda.

I oktober 1928 opna Marie og Hellek Sønstebø ein 57 kvadratmeter stor sko- og manufakturbutikk i O. G. Haugens hus i Bøgata. Det var starten på eit 90 år langt og stolt familieføretak. I dag er det Jan Helge og Tove Sønstebø som står for drifta, men nå er også begge ungane, Morten og Monica, med på laget. Det har skjedd mykje sidan Marie og Hellek opna butikk i 1928. Første heile driftsår hadde dei 30.000 kroner i omsetting, medan i år reknar dei med å passere 65 millionar kroner på Sønstebøtunet.

Frå torsdag av skal det feirast i tre dagar til ende med gode tilbod, aktivitetar, fest og moro.

I dag er Sønstebøtunet eit handelshus med totalt 15 butikkar og over 100 tilsette og eit areal på rundt 7.500 kvadratmeter. Sønstebø sjølv eig seks av butikkane.

 

 

Leigeprisen for miljøstasjon er redusert

Framtidig miljøstasjon. Det interkommunale renovasjonsselskapet IRMAT planlegg å bygje miljøstasjon på ei tomt på Brenna/ Storkaas. No har leigeprisen på tomta blitt reforhandla. Foto: Marta Kjøllesdal.

Renovasjonsselskapet IRMAT sin avtale om leige av eit areal på Brenna til etablering og drift av ein interkommunal miljøstasjon har vore ei heit potet i media. Både lokaliseringa og prisen som IRMAT må betale til grunneigar og utleigar Brenna Stasjon AS ved Jørn Pettersen har vore kritisert frå ulike hald.Miljøstasjonen skal liggje som næraste nabo til Midt-Telemark næringspark, på nabotomta til det nye lensmannskontoret.

Onsdag kom nyheita om at IRMAT og Brenna Stasjon AS har reforhandla leigeavtalen. Helge Granlund, styreleiar i IRMAT, informerer at ny avtale betyr ein betydeleg reduksjon i leigeprisen. Samla årleg leige inkludert lokaler og fellesutgifter er redusert frå 910.000 kroner årleg til 670.000 kroner.

– Leigeprisen er redusert med 240.000 kroner per år og samsvarer nå betrakteleg betre med det som følgjer av den eksterne verdivurderinga me har fått utført, seier Helge Granlund i ei pressemelding.

Samtidig er det avtalt ein forlengig av leigeavtalen på ti år. Ny avtale gjeld fram til år 2050. Ny avtale seier også noko om at IRMAT må ta på seg eit ansvar dersom eventuelle andre leigetakarar fell bort på grunn av IRMAT si verksemd på området.

IRMAT skal i alt investere 35 millionar kroner i to prosjekt, eit på Brenna og eit på Notodden. Brenna-prosjektet kostar 13 millionar. Investeringa fører til at det årlege renovasjonsgebyret i Bø aukar med 238 kroner for kvar husstand (ei auke på åtte prosent).

 

Asfalterer i Bordvegen

Asfaltarbeid. Det er stor aktivtet langs nederste del av Borgjavegen og Bordvegen i dag. Foto: Øystein Akselberg

B&R Maskin har arbeidet med oppgradering av gang- og sykkelvegen mellom Borgjabrua og oppover langs Bordvegen i Breisås. I dag starta legging av asfalt på strekningen mellom Borgjabrua og krysset til Flitavegen. Neste etappe blir Bordvegen oppover bakken i Breisås.

Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje