Sosiale medium

Bø i Telemark
06
22°C
 

Dato

Fredag 23. august 2019

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Forfatterarkiv

Jubelbrus på Juvsåbrua

Bø Turlag og Gjensidigestiftelsen 748 glede

Jubel ved brua. Bente R. Tangen overraska dugnadsgjengen i Bø Turlag med ein stor sjekk. Glade karar er Tor Sisjord (f.v.), Arne G. Baugerød, Arne Hjeltnes og Inge Bø.

Gjensidigestiftinga tok på seg nisselua og gav Bø Turlag ein sjekk på heile 440.000 kroner. Pengane går til ny bru over elva Juvsåa. 

Juvså bru nedanfor Oterholt er ei gangbru bygd av Bø Turlag i 1980. Den byrjar å bli i så dårleg forfatning at turlaget har bestemt at den må stengast for gåande innan 2017. Nå blir det bygging av heilt ny bru i staden, takka vere godt arbeid frå gjengen i Bø Turlag og midlar frå Gjensidigestiftinga.

Godkjente flyktningebustad

Gamleveg gamle skjerma avdeling

Utval for plan, teknikk og næring (PTN) vedtok i siste møte å gje bruksendring for den gamle sjukeheimen/skjerma avdeling i Gamlevegen for å bli bustad og mottak for mindreårige flyktningar. Det er tenkt eit maksimum tal på 13 personar og døgnbemanning. Det er ikkje tenkt bygningsmessige endringar. Vedtaket var samrøystes.

Støtte til Hardingfelesenteret

Hardingfele Steintjønndalen2296

Meir hardingfele. Bø kommune støttar Hardingfelesenteret med 100.000 kroner.

Bø kommune ved utval for plan, teknikk og næring (PTN) vedtok i sist møte samrøystes å løyve 100.000 kroner frå næringsfondet til Norsk Hardingfelesenter AS. Hardingfelesenteret skal i fase 2 (2016) satse større på tvers av fylkesgrensene. I fase 2 har prosjektet namnet «Hardingfele til folket” og har i år eit budsjett på 306.000 kroner.

Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje