Sosiale medium

Bø i Telemark
07
6°C
 

Dato

Onsdag 16. oktober 2019

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Forfatterarkiv

Gjer tiltak etter straumbrotet

Eika trafo. Skagerak Energi var måndag på plass for å fjerne meir vegetasjon rundt den viktige trafostasjonen i Eikjabygda. Den står for hovudtilførsla til Bø. Arkiv foto.

Skagerak Nett gjer tiltak i Bø etter straumbrotet
 
– Straumbrotet i Bø sundag er beklageleg, og blir teke på største alvor, seier kommunikasjonssjef i Skagerak Energi Thor Bjørn Omnes.
 
Allereie dagen etter straumbrotet som følgje av at Eika trafostasjon i Eikjabygda fall ut på grunn av at fleire tre blåste overende og fall inn i stasjonen, var personell frå Skagerak Nett på plass for å fjerne trer som trugar anlegget.
 
– Me vil gjere avtale med grunneigar, og sørgje for at all vegetasjon som kan utgjere ein trussel for strømforsyninga blir fjerna. Det er ein generell utfordring at det står trer utanfor det ordinære ryddebeltet som er lange nok til å falle inn på leidningane. Derfor gjer me stadig oftare avtale med grunneigarane om å fjerne vegetasjon også utanfor det avtalefesta ryddebeltet. På Eika trafostasjon stod trea utanfor gjerda rundt stasjonen, og utanfor Skagerak Nett sin eigedom, seier Omnes.
 
Troll i ord
 
Fredag før helga, fredag den 13., la Skagerak Energi ut ei nyheitsmelding om fokus på meir rydding av skog langs straumliner og elektriske anlegg.
– Det gjekk troll i ord i den nyheitsmeldinga, innrømmer Omnes.
 
Skagerak Energi annonserte i nyheitsmeldinga at dei vil rydde utanfor det vanlege ryddebeltet.
– Me fjernar ekstra skog for å hindre straumbrot, skreiv dei.
 
Vidare meldte dei at; «Mildere vær gjør at skog og annen vegetasjon vokser raskere enn før. Nå oppsøkes grunneiere langs Skageraks ledninger for å få rydde utenfor det ordinære ryddebeltet. Samtidig økes hyppigheten på linjeryddingen for å redusere risikoen for strømbrudd.»

Slik blir kommunestyret

Folket har talt. Endeleg telling med personstemmer har i dag avklart kven dei 29 personane som skal sitje i kommunestyret er. Her er veljarane i aksjon i stemmelokalet i Gullbring. Foto: Øystein Akselberg

Valoppgjeret for Midt-Telemark kommune er utført i dag. Personstemmer medfører at det er gjort endringar på rekkjefølgja i partia sine kandidatar. Under følgjer dei 29 personane som skal sitje i historias første Midt-Telemark kommunestyre. Merk at det er kandidatar som har bevega seg både opp og ned (og ut) av lista.

Det største hoppet oppover gjer ikkje overraskande Harald Kinck (FrP) som er inne som FrPs 3. kandidat frå plass nummer 21. Han er kåra til valets listehoppar nummer ein! FrP er elles einaste parti som gjer eit skifte i sin førstekandidat. Bjørn Magne Langkås går inn i kommunestyret som partiet sin førstekandidat, medan Tom Ivar Gravklev rykkjer ned til andreplass.

I Senterpartiet har Einar Fagerås kome inn i kommunestyret frå ein 10. plass og Bjørn Bunkholt Sæter frå ein 11. plass.

Arbeiderpartiet har alle sine første seks listekandidatar inne.

I Høgre har Ingemar Bråten rykt opp frå 4. plass til ein 2. plass og dermed eigen stol i kommunestyret.

I MDG har Espen Lydersen sikra seg partiets plass nummer tre som fjerdekandidat.

Midt-Telemark kommunestyre:

Senterpartiet – 9 plassar

1 Siri Blichfeldt Dyrland (1) *) sjå forklaring på parentes nederst

2 Borgar Kaasa (2)

3 Øystein Slettebø (4)

4 Anne Grete Evju (3)

5 Per Simon Slettebø (6)

6 Martin Stærk (7)

7 Einar Fagerås (10)

8 Bjørn Bunkholt Sæter (11)

9 Anund Grane (5)

Arbeiderpartiet – 6 plassar

1 Mette Haugholt (1)

2 Karin Hagen (3)

3 Arvid Hagen (5)

4 Lisa Dawn Paulsen (4)

5 Jon Halvor Svalbjørg (2)

6 Hans Sundsvalen (6)

Høgre – 3 plassar

1 Frode Lieungh (1)

2 Ingemar Bråten (4)

3 Lene Kristin Nordhus (2)

MDG – 3 plassar

1 Ingebjørg Nordbø (1)

2 Helle Friis Knutzen (2)

3 Espen Lydersen (4)

Fremskrittspartiet – 3 plassar

1 Bjørn Magne Langkås (2)

2 Tom Ivar Gravklev (1)

3 Harald Kinck (21)

Venstre – 2 plassar

1 Evy Beate Stykket (1)

2 Steinar Sæland (2)

KrF – 1 plass

1 Torstein Haukvik (1)

Rødt – 1 plass

1 Vidar Jørgensen (1)

SV – 1 plass

1 Per Atle Einan (1)

*) Nummer i parentes er opphaveleg listeplassering innan eige parti. Her kan ein sjå om kandidaten har blitt flytta opp eller ned på lista i forhold til personstemmer.

Senterpartiet er vinnaren

Sp-Siri-smil: Det var breie smil å sjå i Senterpartileiren då dei første prognosane tikka inn på valvaka i Idunshall på Akkerhaugen. Her sit Senterpartiets ordførarkandidat Siri Blichfeldt Dyrland (nummer to frå høgre). Foto: Marta Kjøllesdal

Kommunestyreval Midt-Telemark kommune 2019:
Senterpartiet er den store vinnaren med ei oppslutning på 31,1 prosent. Det er ein auke på heile 16,5 prosentpoeng sidan sist kommunestyreval. Den store taparen er Venstre som endar opp med 5,7 prosent av stemmene, noko som er ein tilbakegang på heile 13,8 prosentpoeng. Ap går tilbake 5,4 prosentpoeng til 21,4 prosent, medan KrF også gjer eit dårleg val, med ein tilbakegang på 3,9 prosentpoeng. Rødt, som er ny i valet, kjem inn med 4,3 prosent.

Resultat ved opptelling i kveld:
Senterpartiet 31,1 % (+ 16,5 prosentpoeng)
Arbeiderpartiet 21,4 % (- 5,4 prosentpoeng)
Høgre 10,3 % (+ 0,3 prosentpoeng)
MDG 9,1 % (+ 0,7 prosentpoeng)
FrP 9,0 % (+ 0,9 prosentpoeng)
Venstre 5,7 % (- 13,8 prosentpoeng)
KrF 4,9 % (- 3,9 prosentpoeng)
Rødt 4,3 % (+ 4,3 prosentpoeng)
SV 4,2 (+ 0,3 prosentpoeng)

Frammøteprosenten er 58 %.

Mandatfordeling:
Slik blir det nye kommunestyret i Midt-Telemark kommune, talet på mandat (av 29 plassar):
Senterpartiet: 9
Arbeiderpartiet: 6
FrP: 3
Høgre: 3
MDG: 3
Venstre: 2
KrF: 1
SV: 1
Rødt: 1

Mandatfordelinga viser at den nye kommunen får eit sterkt Senterparti med ni plassar i kommunestyret. Samtidig får både Venstre og Arbeiderpartiet færre mandat, medan ein også kan slå fast at nykommaren, partiet Rødt, er inne med eitt mandat.

Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje