Sosiale medium

Bø i Telemark
13
11°C
 

Dato

Onsdag 22. august 2018

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Forfatterarkiv

Bø best i den nasjonale Artsjakten

160602-Artsjakten-2016-Moseklubben,-Kristoffer-Bøhn-og-Olav-Kasland-2

John Gunnar Brynjulvsrud (bak f.v.), Mie Arnberg, Torbjørn Høitomt og Stefanie Reinhardt frå Moseklubben i Bø sikra diplom, heider og ære for ordførar Olav Kasland (framme t.h.). Kristoffer Bøhn frå miljøorganisasjonen Sabima hadde med diplom og ros. Foto: Øystein Akselberg

 

Bø blei beste kommune i den nasjonale Artsjakten, der Moseklubben i Bø bidrog sterkt.

Artsjakten er eit arrangement i regi av miljøorganisasjonen Sabima og Artsdatabanken. Det er ein lokal og nasjonal dugnad for å vise kor viktig det er å ha god kunnskap om naturen.

Målsettinga med Artsjakten er å setje fokus på kartlegging av natur og å undersøke kva artar og naturtypar som finst i ein kommune. I løpet av eit døgn den 22. mai var frivillige og organisasjonar oppfordra til å registrere så mange artar som mogleg over heile landet.

Med registrering av heile 576 artar blei Bø best i landet.

– Halvparten av artane som blei registrerte i Bø under Artsjakten var nye for kommunen, seier Kristoffer Bøhn frå Sabima, og er svært imponert og glad over den store innsatsen.

 

Les meir om Artsjakten i papiravisa eller kjøp avisa digitalt på buyandread.com

 

Prøveopning i dag

Bø sommarland Mattis og Rene

Sommarland opnar. Avtroppande direktør Mattis Willms (t.v.) og ny direktør Rene Langeveld Sas ønskjer bygdefolket velkommen til prøveopning av parken fredag ettermiddag.

Bø Sommarland har sin første opningsdag i morgon, laurdag. Då er bygda full av gjester i samband med Sommarland fotballcup som Skarphedin arrangerer. I dag er det likevel klart for prøveopning berre for bygdefolket i Bø. Meir som ein roleg oppstart for parken og alle dei sesongtilsette. Så frå klokka 16 til 20 er altså parken open for dei som har lyst på ein forsmak av årets parksesong.

Bø tredje best i test

Greplyng 010616 1

Bø i landstoppen. Det er fint med Greplyngblomstring på Krintofjellet, men det er ikkje teke omsyn til i kommunetesten til Forbruarrådet. Foto: Øystein Akselberg.

Kommunetesten i regi av Forbrukarrådet gjev Bø kommune ein fin tredjeplass i fylket og ein 41. plass på landsbasis.

Kommunetesten er Forbrukarrådets test av norske kommunars publikumsservice, tilgjengelegheit og informasjonskvalitet. Testen er utført i januar og februar i år. Det er viktig å merkje seg at testen ikkje omfattar sjølve tjenestane sine kvalitetar. Forbrukarrådet har teke kontakt med kommunane med spørsmål folk flest lurar på, alt frå prisinformasjon om skulefritidsordninga og sakshandsamingstid for byggjesaker til opningstider i svømmehallen. Kommunanes nettside er også sjekka for 19 forskjellige informasjonselement.

Tredje best

Bø kommune klatrar på årets kommunetest og hamnar som tredje best i Telemark. På landslista kom Bø på ein 41. plass. Bø skårar 68,9 poeng, medan fylkessnittet er 60 og landssnittet er 55. Best i Telemark er Bamble med Fyresdal som god nummer to. Nabokommunane i Midt-Telemark skårar svært dårleg på testen. Sauherad er sist i Telemark og heilt nede på 400. plass i landet. Nome er ikkje stort betre med nest siste plass i Telemark og 373. plass på landsbasis.

Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje