Sosiale medium

Bø i Telemark
07
16°C
 

Dato

Fredag 21. september 2018

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Forfatterarkiv

Minifestival og workshop på Akkerhaugen

Still no name nett

Konsert fredag. Still no name er eitt av fire musikkinnslag på Akkerhaugen stasjon i morgon kveld. Ingrid Helgesen (f.v.), Caroline Tho, Nathalie Hegna, Ragnhild Bakka og Camilla Moen.

Minifestival på Akkerhaugen

Komande helg, 6.-8. mai, blir det arrangert rusfri minifestival og bandworkshop for ungdom på Akkerhaugen stasjon. Festivalen har fått namnet 3812 Festivalen og blir arrangert for og av ungdom. I morgon fredag er det konsertar som ein «kick-off» for workshopen som føregår laurdag og sundag. Artistar og band som spiller denne kvelden er Still no name, Una Aurora, Rory Hill og Dublitz. Festivalen har gratis inngang og er open for alle.

Seier nei til Vertshuset

Bø Vertshus

Vil byggje på og pusse opp. Eigar av Bø Vertshus søkjer om dispensasjon angåande parkeringsplassar for å byggje på Vertshuset.

Eigar av Bø Vertshus ønskjer å ruste opp, rive delar av dagens bygg og byggje noko nytt, samt endre fasadar på eksisterande bygg på sida som vender mot det nye Skogenkvartalet. Del av planen er tre nye leilegheiter i andre etasje av eksisterande bygg. Bygginga utløyser krav om 4,5 nye parkeringsplassar og tiltakshavar søkjer om dispensasjon frå kravet om parkeringsplassar. Bø kommune tilrår å seie nei til dispensasjonssøknaden som handsamast i Utval for plan, teknikk og næring (PTN) komande tysdag.

Ny sjef i Sentrumsringen

Maylen Bakken Mæland og Dag Christiansen 1

Sjefane i Sentrumsringen i Bø. Ny dagleg leiar Maylen Bakken Mæland og styreleiar Dag Christiansen.

Maylen Bakken Mæland (28) er tilsett i engasjementet som dagleg leiar i Sentrumsringen i Bø.

Sentrumsringen sin nye daglege leiar startar i jobben allereie måndag, men får ein god forsmak under maimarknaden på Bø torg laurdag. Ho tek over etter Tormod Hynne som skiftar beite til jobb innan TV-bransjen.

Bakken Mæland har bakgrunn frå eigen butikk, hobbybutikken Pusleriet, på Tuven-senteret på Notodden. Der dreiv ho i tre år fram til ho avvikla i februar 2015. Sidan har ho blitt mamma til ei jente som fyller eitt år i mai. Nå er mammapermisjonen over.

Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje