Sosiale medium

Bø i Telemark
33
-5°C
 

Dato

Laurdag 16. februar 2019

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Forfatterarkiv

Bank flyttar på seg

SpareBank 1 Telemark Norendal og Olsen 1

På flyttefot i Bø. Stadsansvarleg Vigdis K. Norendal og eigedomsmeklar Are Olsen framfor Skredegården som skal huse SpareBank 1 Telemark når det nærmar seg nyttår.

SpareBank 1 Telemark flyttar til Skredegården i Bøgata etter snart ti år i Stasjonsvegen. Før nyttår er banken på plass i nye lokale. Områdebanksjef i SpareBank 1 Telemark, Øystein Tallakstad, stadfestar at banken har sagt opp leigeavtala i Stasjonsvegen og at ny leigeavtale er gjort med Skredegården i Bøgata. Banken flyttar inn i dei same lokala som DNB-bank har hatt tilhald i.

Størst folkevekst i landet

torgfestivalen folk

Mange på torget. Laurdag var mange av bygdas innbyggjarar på torget under Telemarkfestivalen sitt familiearrangement. Foto: Øystein Akselberg.

 

Bø veks mest

Dei siste 12 månadane har Bø høgast folkevekst av alle kommunane i landet. Veksten er på heile 228 personar, noko som utgjer 3,9 prosent. Folketalet er per 1. juli 6.117 personar. Medan Bø toppar landsstatistikken siste året kjem nabokommunane heller dårleg ut. Nome hamnar på 312. plass med ein tilbakegang på åtte personar. Sauherad kjem på 394. plass av 428 kommunar og har ein nedgang på 55 personar.

Skulestart i dag

Skulestart 2016 Bø skule Gygrestolen samling 1. klasse 9506

Full sal. Rektor Gyrid Kvaale snakkar til førsteklassingane og foreldre på Bø skule i dag tidleg. Like etter blei 1. klassingane ropa opp til klassane sine. Foto: Øystein Akselberg.

Ein stor dag for 79 førsteklassingar i Bø

I dag var det skulestart ved skulane i Bø. Mest spesiell er nok dagen for dei som har sin aller første skuledag. I Bø startar 66 elevar i førsteklasse ved Bø skule og 13 elevar på Folkestad skule. I avisa torsdag kan du sjå alle førsteklassingane i Bø blad.

Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje