Sosiale medium

Bø i Telemark
01
-2°C
 

Dato

Sundag 24. mars 2019

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Forfatterarkiv

Kartfestivalen startar i dag

Frå Bøgata til Bogotá. Svein Eivind Mo Haugen (t.h.) i Byting representerer kortreist musikar. Men Eva Rismo, Øystein Dag Dahle og Jo Henning Kåsein tilbyr også band frå Bogotá i Colombia.

Byting startar festen. Svein Eivind Mo Haugen (t.h.) og dei andre i bøgruppa Byting har fått oppdraget med å starte konsertprogrammet på årets Kartfestival. Arrangørane Eva Rismo (f.v.), Øyvind D. Dahle og Jo Henning Kåsin har 10 band på planen i dag og i morgon. Foto: Marta Kjøllesdal.

Kartfestivalen 2016 på Gvarv går av stabelen i dag og i morgon. Konsertprogrammet tel 10 konsertar. I kveld er det Byting, Stein Torleif Bjella, Frøkedal og Familien og til slutt rap-sjefane i Karpe Diem. Laurdag går det slag i slag frå Eva & The Heartmaker drar festen i gang på ettermiddagen. I rekkjefølgje kjem Bowie-hyllesten, Tupelo frå Irland, Odd Nordstoga frå Vinje, The Temperance Movement frå England og Skampida frå Columbia. Noko for ein kvar smak, altså.

NB: Bø blad var uheldig i gårsdagens avis og skreiv at søndag også er konsertdag, men det er altså i dag og laurdag det skjer. Skal du få med deg Eva & the Heartmaker er det i morgon ettermiddag det gjeld.

Til veka skjer det noko her

160811-Stasjonsvegen-per-9.-aug-2016-1

Boltreplass for anleggsfolk. Frå slutten av månaden vil dette bli arbeidsplass for ein god gjeng karar i oransje jakker. Slik såg vegen ut 9. august. Når ein kjem fram til 15. juni 2017 vil forskjellen vere stor.

 

No blir Stasjonsvegen rusta opp

Måndag startar folk frå Tveito Maskin riggearbeidet for storprosjektet med å byggje om Stasjonsvegen til ei moderne bygate. Pengepotten har auka med fire millionar til totalt 29 millionar kroner. Dermed blir Lundevegen til krysset mot Breisås og Rema 1000 også rusta opp. 15. juni 2017 skal ei ny gate stå ferdig.

 

Sjå korleis det er planlagt i papiravisa eller kjøp avisa på nett på buyandread.no

Sykkelbygda rullar vidare

Sykkelbygda Bø 2016 8273

Tre på sykkel til jobb. Den aktuelle dagen hadde dei tre, Svein Ivar Forberg (t.v.), Hilde Pedersen og Bjørn Tveiten, sykla til arbeidsstaden sin i Gullbring kulturanlegg. Her er dei i god flyt gjennom Evjudalen. Foto: Øystein Akselberg

Bygdepakke Bø skal vidareførast. Eit av dei viktigaste tiltaka vil vere å få fleire til å sykle eller gå til og frå jobb og skule.
Første fase i prosjektet «Bygdepakke Bø» er avslutta og rapporten frå forstudiet byr på mange interessante og til dels overraskande funn. Bygdepakka har som mål å redusere interntrafikken i Bø sentrum. Undersøkingar har nemleg vist at under 20 prosent av trafikken i sentrum er gjennomgangstrafikk. Viktigaste tiltak framover blir at folk sjølve må endre sine daglege reisevanar til og frå jobb, skule og fritidssyslar. Potensialet ligg i å legge betre til rette for mjuke trafikantar. Prosjektet «Sykkelbygda Bø» har nettopp det som hovudsatsing.

Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje