190606 cupklare Rune Digranes Bøen, Andre Horgen, Lars Jørum og Sverre Jacobsen
190606 cupklare Rune Digranes Bøen, Andre Horgen, Lars Jørum og Sverre Jacobsen

Avspark for cup- og festivalmånaden

Rune Digranes Bøen (f.v.), Skarphedin fotball, André Horgen, Skarphedin langrenn, Lars Jørum, Skarphedin handball og Sverre Jacobsen, Bø kulturnettverk, er klare for årets største dugnadsmånad.

Denne helga er 2600 unge fotballspelarar og lagleiarar samla i Bø for å delta på Somarland Cup 2019.

Fotballcupen dreg i gang cup- og festivalmåneden juni, som fire helger på rad fyller bygda med barn og unge frå heile landet. Om lag 5500 deltakar er påmelde til årets cupar og festivalar.

Etter fotballcupen følgjer helger dedikerte til handball, musikk og ski.

Fotball er stort i Bø, og i papiravisa denne veka kan du sjå bilde av alle fotballaga i Skarphedin. Det er mange.

I avisa kan du også lese meir om dugnadsmånaden juni som bidrar stort til økonomien i frivillige lag og foreiningar i Bø.