jønnbu

Besteforeldra sørgde for tomt til Jønnbu fjellkyrkje

Syskena Anne og Olav Raukleiv feira Jønnbu fjellkyrkje sitt 50-årsjubileum på søndag. Det var besteforeldra deira som ga tomta slik at kyrkja kunne bli bygd. Foto: Hilde Eika Nesje

Søndag 29. september var det fullt hus på Jønnbu fjellkyrkje. I ei festgudsteneste der ein markerte 50-årsjubileet for fjellkyrkja deltok over 100 personar.

To av dei som var med på festen var Anne og Olav Raukleiv, barnebarna til Anne og Olav Raukleiv som i 1964 ga ei 14 mål stor tomt på Jønnbu i gåve slik at ein kunne byggje kyrkje på Lifjell.

Blei døypt i fjellkyrkja

– Me er begge oppkalt etter besteforeldra våre, og eg blei døypt i ei gudsteneste på byggjetomta her den 8. september 1968. Da var biskopen her og la ned grunnsteinen til kyrkja, seier Anne, og legg til at det er litt stas at besteforeldra var så rause og ga bort den fine tomta på Lifjell til eit kyrkjebygg.

– Eg har alltid hatt større tilknyting til Jønnbu fjellkyrkje enn kyrkja i Bø. Døtrene mine, Mia og Iris, er begge døypt her, og her blei eg og mor deira vigd. Ho heitte også Anne, seier Olav.

Draum om fjellkyrkje

Både Anne og Olav har høyrt historia om at bestefaren hadde ein draum om ei kyrkje på Lifjell da han var ung gjetargut på fjellet, men det snakka ikkje bestefaren stort om.

31. august 1969 gjekk i alle fall draumen i oppfylling, da den nye kyrkja på fjellet blei innvigd. Etter det har det vore mange aktive år i fjellkyrkja, som i mange år også har vore brukt i tett samarbeid med leirskulen på Lifjell.

Rjomegraut og historier

Etter jubileumsgudstenesta søndag blei det servert rjomegraut og spekemat, kaffe og kaker til dei frammøtte. Sjølvsagt blei det også mimra med framvising av gamle lysbilete og servert litt historikk. Helsingar blei det også, mellom anna frå Bø-ordførar Borgar Torbjørn Kaasa, som også deltok på gudstenesta.

Mange deltok på festgudstenesta for Jønnbu fjellkyrkje i dag. Foto: Hilde Eika Nesje

Vêret var flott og folk tok ei lita pause utandørs mellom slaga. Foto: Hilde Eika Nesje
Etter matpausa var det tid for helsingar og lysbildeframvising. Foto: Hilde Eika Nesje