180407-Joker-Nordagutu-

Bil køyrde inn i butikken

Butikken er open. Søndagsbutikken til Joker Nordagutu er open sjølv om hovudbutikken er øydelagt i ei bilulykke. Arkivfoto

Mindre skadar på personar

Laurdag morgon køyrde ein bil inn i Jokerbutikken på Nordagutu. Politiet melder at det var mindre personskadar, men store skadar på butikken. Eigaren seier at søndagsbutikken er open.

Operasjonsleiar i politiet, Petter Ebbesberg, seier at det er russ heimehøyrande i Bø som var involvert i ulykka der ein bil har køyrt inn i Jokerbutikken på Nordagutu. To personar har blitt sendt til sjekk, ein til legevakta på Notodden og ein til sjukehuset i Skien.

Politiet opplyser at sjåføren har innrømd å ha sovna bak rattet og førarkorte er beslaglagt. Politiet mistenkjer ikkje ruskøyring. Det vart store skadar både på bilen og butikken.

Nedtur for butikkeigar

– Det var ein nedtur. Me har gjort mykje for å kome vidare og så må me starte på nytt igjen.

Det seier Thorleiv Høgstad som eig butikken. Bø blad skreiv om han i førre avis. Då fortalde Høgstad at han var i ferd med å byggje opp nettbutikk. Han har også søkt om løyve til å selje øl på nett.

Butikken på Nordagutu driv også med heimkøyring av varer og har laga ein eigen søndagsbutikk for å kunne ha ope alle dagar i året. Høgstad har tidlegare drive med søndagsopen butikk i dei ordinære butikken, men då vart han meld for å ha for stort areal til å ha ope på søndagar og måtte stenge. Det har også vore brann i butikken.

Butikken er open

– Me må brette opp ermane igjen, seier Høgstad på telefon.

Han er på ferie i utlandet og har ikkje sett butikklokala sjølv, men tilsette er til stades.

– Søndagsbutikken er open no, butikken er ikkje stengd, seier Høgstad.

Han veit ikkje heilt korleis dei skal angripe saka. Måndag skal det vere eit møte med butikkjeda og Høgstad seier ein får sjå etter det. Han fryktar det vil ta litt tid å utbetre skadane på butikken.