Bø skule klasse 1B stiller opp til fotografering

Bø er større enn Nome

Stor folkevekst. Folketalet i Bø veks. No er det 6.680 bøheringar. Foto: Øystein Akselberg

Går forbi Nome

I oktober 2018 skjedde det: Bø har fått høgare folketal enn Nome. Ikkje nok med det: Bø er kommunen med høgast relativ folketilvekst i heile landet så langt i år.

Bø har auka med 213 innbyggjarar hittil i år, og med heile 227 i løpet av dei siste tolv månadane. Både Nome og Sauherad har fått redusert folketalet sitt i løpet av det siste heile året. Nome har fått 52 færre og Sauherad 61 færre innbyggjarar.

Auken i folketalet i Bø så langt i år fordelar seg på eit fødselsoverskot på sju personar og ei netto tilflytting på 213 personar.

Bø har per 1. oktober 6.680 innbyggjarar, medan talet i nabokommunen Nome er på 6.584. Sauherad har 4.289 innbyggjarar.

Kjelde: Telemarksforsking/ SSB.