Sosiale medium

Bø i Telemark
03
-5°C
 

Dato

Tysdag 11. desember 2018

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Bø skulemusikk heilt til topps

Fekk 1. plass.  Bø skulemusikk gjorde det skarpt i korpskonkurransen på Hjertnesfestivalen søndag. Foto: Hilde Eika Nesje

 

Vant 1. divisjon på Hjertnesfestivalen

Bø skulemusikk sluttar ikkje å imponere under dirigent Guri Røsok. Under korpskonkurransen på Hjertnesfestivalen i Sandefjord deltok 55 korps. Søndag gjekk dei unge musikantane frå Bø i alderen 10-19 år heilt til topps i 1. divisjon for skule- og prosjektkorps. Fem korps deltok i denne klassa. Aspirantkorpset frå Bø kom på ein delt tredjeplass.

Konkurransen blir gjennomført i tre divisjonar og skulemusikken frå Bø har dei siste åra spela seg jamt og trutt oppover i divisjonane, med gode resultat ved kvar deltaking. I 2015 vant korpset frå Bø og Gvarv 2. divisjon, og i 2016 blei det ny siger i denne divisjonen. Da gjekk også aspirantkorpset til topps i si klasse. 2017 var første året skulemusikken deltok i 1. divisjon og da blei det ein fin tredjeplass.

 

Les meir i papiravisa eller e-avisa.

 

Del artikkel...Share on Facebook
Facebook
Share on Google+
Google+
Tweet about this on Twitter
Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje