Sosiale medium

Bø i Telemark
07
1°C
 

Dato

Torsdag 21. november 2019

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Bøhering blir sportsdirektør

I landstoppen. Her trillar Sindre Eid Hermansen over mål i Sandefjord Grand Prix i 2016 til sin første siger i fellesstartritt senior. Foto Pål Westgaard.

Sindre Eid Hermansen (26) tek over som sportsdirektør for sykkel- og  kontinentallaget «Joker Fuel of Norway».

Sindre har vakse opp i Bø og er kjent som ein svært habil syklist, både i ungdomsåra og som ung senior. I 2016 skreiv Bø blad at Sindre hadde teke sin femte NM-medalje i seniorklassa. Same år tok han sin første siger i eit fellesstartritt under Sandefjord Grand Prix.

Sindre har seks år bak seg på kontinentalnivå, først to år i Ringeriks-Kraft (2012-2013) og så fire år i Team FixIT.no (2014-2017). I 2017 sette sjukdom og skadar stoppar for ein lysande karriere som topp-syklist. Dei siste åra har Sindre hatt full jobb som trenar både på Telemark toppidrettsgymnas og som trenar for Grenland Sykleklubb.

I haust fekk han tilbod om å bli sportsdirektør i Joker Fuel of Norway. Han uttalar at tilbodet kom svært overraskande på og at han eigentleg var svært nøgd med jobben på toppidrettsgymnaset.
– Eg kunne ikkje la denne sjansen gå frå meg. Det er ein sjanse å ta å gå frå ein god jobb eg trivast med, men eg er ung og fekk tilbodet, seier Sindre, og legg til at han får mange reisedøgn ute, men skal også ha ei rolle som sportsleg leiar med ulike administrasjonsoppgåver.

Joker-laget har i mange år vore landets leiande sykkellag og har fått fram fleire syklistar som har gått vidare ut i proff-verda. Nå har laget sterk konkurranse frå hardstsatsande Uno-X som neste år blir landets første herrelag på proffnivå.

Del artikkel...Share on Facebook
Facebook
Share on Google+
Google+
Tweet about this on Twitter
Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje