Sosiale medium

Bø i Telemark
38
10°C
 

Dato

Fredag 26. april 2019

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Me var 5,5 gonger på kino

Kinosjef i Bø, Anita Kristensen, opplevde nedgang i besøket i fjor, men framleis kan ho vise til 5,5 besøk per bøhering i 2018.

Nærmare 37.000 publikummarar såg film på Bø kino i 2018. Det er ein nedgang på fire prosent, samanlikna med 2017 som hadde 38.326 besøkande.

Ser ein på snittbesøket per bøhering, ligg det på 5,5 kinobesøk i fjor. Tek ein med Sauherad, er snittbesøket 3,3 per innbyggjar. Det er høgt, samanlikna med landssnittet.

Ifølgje tal frå bransjeorganisasjonen Film & Kino hadde landet eit samla kinobesøk på 12,1 millionar i fjor. Det gjev eit landsgjennomsnitt på 2,2 kinobesøk.

Les meir i papiravisa om kinoåret 2018 i Bø og kva for filmar som slo best an.

Del artikkel...Share on Facebook
Facebook
Share on Google+
Google+
Tweet about this on Twitter
Twitter
Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje