DSC_8879

Brann i verkstad på Gvarv

Naudetatane er på staden og sløkningsarbeidet pågår for fullt. Foto: Gro B. Røiland 

Det brenn i ein verkstad i Hørtevegen sentralt på Gvarv. Naudetatane er på staden og sløkningsarbeidet pågår for fullt.

Politiet melder på Twitter at ein person er skadd og frakta i ambulanse frå staden etter at vedkommande fyrst fekk fyrstehjelp.

Det skal ikkje vera eksplosjonsfare, og brannen er avtakande, opplyser politiet. Det er brannmannskap både frå Sauherad, Bø, Ulefoss og Notodden med i arbeidet.

Brannen skal ha oppstått i samband med ein båt. Det var i elleve-tida sundag det blei meldt om brann i Hørtevegen.