1,434 millionar kroner i ekstrautgifter
Kai Lindgren og Roar Smukkestad frå Midt-Telemark Brann og Redningsteneste (MTBR) fekk applaus og gode ord for innsatsen under dei mange skogbrannane då dei møtte i fellesnemnda sist fredag.
Dei to gav ei oppsummering av skogbrannsommaren. Det vart meldt om over 30 brannar i Midt-Telemark. Ekstrakostnadane ligg ifølgje MTBR an til å bli på 1,434 millionar kroner. Ein pyroman som var i området Sauherad-Notodden i vår har i tillegg kosta MTBR 100.000 kroner.