Gvarv Bakeri Bente Soterud Østerdal 090319 9515

Brødslutt etter 55 år

SINT OG FRUSTRERT: Bente Soterud Østerdal ved Gvarv bakeri er svært skuffa over Bø kommune sin handtering av anbodsarbeidet for levering av brødvarer til kommunale instituasjonar i Bø og Sauherad.

Gvarv bakeri har levert brød til Sauherad kommune i 55 år. Frå 1. april er det slutt på lokalbakeriets avtale med kommunane i Midt-Telemark.

Det er ingen 1. aprilspøk. Gvarv bakeri er frå første dag i april ute som kommunal leverandør av bakerivarer til Bø og Sauherad kommunar. Sist fredag kom meldinga om at bakeriet ikkje har fått fornya avtalen om å levere brød. Rådgjevar Silje Larsen Ulverød i Bø kommune kan stadfeste at jobben har gått til Idea kompetanse på Notodden.

Slag i ansiktet

Bente Soterud Østerdal ved Gvarv bakeri tok imot meldinga seint sist fredag og seier ho er både sint og frustrert.

– Me har mista ein viktig leveranse. Den utgjer over eit årsverk for bedrifta vår og betyr rundt 400.000 kroner i tapte inntekter, seier Soterud Østerdal, som eig bakeriet saman med Tove Stenstad.

Bakeriet i Gamlegata på Gvarv har levert bakerivarer til Sauherad kommune sidan 1964. Det er 55 år. Bakeriet har levert brød til bygdeheimen, og sidan til barnehagar i både Bø og Sauherad, samt til sjukeheim, skulekantiner og skular i Bø.

På berre 14 dagars varsel fekk dermed Gvarv bakeri fredag brev om at oppdraget blir avslutta 1. april.

– Det var som å få eit slag under beltestaden. Me trudde kommunen ville støtte lokale bedrifter, seier Soterud Østerdal, og legg til at det er heilt greitt med konkurranse mellom bedrifter.

Les meir om saka i dagens avis.