190307 Olavs menn 1

Bygger vikingtun ved Norsjø

Fire hus er sett opp på dugnad på Dingnes og utgjer det som Olavs Menn har døypt Digernes vikingtun. F.v.  Ole Eivind Berget, Anders Kvåle Rue, Ole Østgaard-Ruth, Halvor Kvåle Rue, Øystein Rivrud, Mathias Lognvik-Vartdal, Stephen Eliassen og Ivan Nikolaenko. Foto: Gro B. Røiland

Etter fleire år på leit etter ein stad å legge til, har Olavs Menn kome heim. Digernes vikingtun med hus og plass til vikingskipet Åsa er snart klart til bruk. 

Viktingtunet som Olavs Menn det siste året har bygd opp på Dingnes ligg vakkert til i strandkanten. Mellom majestetiske, gamle furutre har dei sett opp fire hus på dugnad, mellom anna smie, langhus og bod.

Når vikingskipet Åsa snart kjem ut frå vinterlagring, skal ho legge til på Dingnes. Her skal det også opp flytebrygge for å gje plass til vikingskipa Saga Oseberg, Saga Farmand og Gaia som kjem på besøk 22. juli.

Dei fire bygningane har ei fortid i realityserien «Den siste viking» på TV Norge og var sett opp på Tyin i Jotunheimen. Olavs Menn fekk husa mot å ta dei ned og flytte dei. Det var ingen liten operasjon.

Les meir om vikingtunet og Olavs Menn i papiravisa eller i e-avisa.