190502 Byting

Byting i legendarisk platestudio

Kai Andersen (t.v.) ved miksepulten i Athletic Studio saman med Thomas Hellekås. Bak til høgre Syver Fossen, som i vinter blei med i Byting på tangentar og gitar. Foto: Dag Erik Johansen/Athletic Sound

Byting med Thomas Hellekås i spissen er i gang med innspeling av sitt tredje album. Det skjer i legendariske Athletic Studio i Halden.

I 35 år har Kai Andersen hatt platestudioet, der mange av landets største band har spela inn plater. Lista famnar eit par hundre band og artistar, mellom andre CC Cowboys, Raga Rockers, Dumdum Boys, Motorpsycho, deLillos, Sivert Høyem, Big Bang, Seigmen, a-ha, Gåte og Ni Liv.

Det var trommeslager Geir Ormøy som insisterte på at dette var eit studio for Byting. Thomas Hellekås var skeptisk.

– Eg hadde ikkje kjennskap til studioet og Kai Andersen og lurte på kva nytt kunne han kunne gjera for Byting. Eg hadde ikkje akkurat full tenning. Men eg tenkte Geir visste kva han snakka om, så eg ville prøve, seier Hellekås.

Dermed blei det Halden-tur for Byting og innspeling med produsenten som blant musikarar går under namnet Doktor Kai. Tenninga Hellekås mangla i forkant kom for fullt innanfor Athletic Sounds musikkhistoriske studioveggar. 

Les meir om Byting og nytt album i papiravisa.