Sosiale medium

Bø i Telemark
12
6°C
 

Dato

Onsdag 16. oktober 2019

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Søker kandidatar til kulturprisar

I 2017 gjekk Ungdommens kulturpris i Sauherad til Bork Sæl Ower, eit talent innan wakeboard og wakeskate. Arkivfoto: Gro B. Røiland

Sauherad kommune skal dele ut kulturprisar for aller siste gong. Nå ønskjer kommunen forslag til kven som bør få heider og inspirasjon i form av kulturpris. Frist for å foreslå kandidatar er 25. oktober.

To prisar skal delast ut, Årets kulturpris 2019 og Ungdommens kulturpris 2019.

Sauherad kommunes kulturpris skal gå til ein eller fleire personar som på ein eller annan måte har markert seg innanfor kulturlivet i Sauherad kommune. Prisen er på 10.000 kroner.

Ungdommens kulturpris går til unge inntil 25 år og skal vera ein inspirasjon for vidare utvikling. Prisen kan tildelast kulturutøvarar med utprega talent innanfor sitt felt. Det kan vere innanfor musikk, dans, visuell kunst, scenekunst, litteratur eller idrett og friluftsliv. Prisen skal gå til ungdom busett i Sauherad eller i spesielle tilfelle ungdom som på grunn av studiar bur utanfor kommunen.

Ungdommens kulturpris er på 10.000 kroner.

Sauherads Utvalg for oppvekst og kultur er jury. Prisutdelinga skjer i siste kommunestyremøte før jul.

Kven er best i Midt-Telemark?

Serieavslutning. Tysdag 22. oktober går siste seriekamp i kretsligaen. Da får ein avgjort kven som er det beste laget i Midt-Telemark. Arkivfoto.

Siste serierunde 22. oktober vil avgjere om det blir Skarphedin i Bø eller Ulefoss/Skade som kan sole seg i glansen av å ha Midt-Telemarks beste fotballlag for herrar. Før siste serierunde ligg Skarphedin eitt lite poeng over Ulefoss/Skade og har 4. plassen på tabellen.

Nest siste serierunde i kretsligaen, 4. divisjon for herrer, gjekk i går kveld. Skarhedin tapte 5-3 borte mot Odd 3 etter ein god kamp. Ulefoss/Skade imponerte og klarte uavgjort 2-2 borte mot suveren divisjonsvinnar Urædd. Dette blei første poengtapet på heimebane for Urædd i årets serie, og dermed ei fjær i hatten til Ulefossingane.

22. oktober skal det avgjerast: da møter Skarphedin botnlaget Herkules, medan Ulefoss/Skade møter eit anna botnlag, Tollnes. Begge lokallaga har heimekamp. Etter alle solemerke skal det bli heimesiger i begge kampane, men det skal spelast først.

To bøheringar som har forlate Skarphedin skåra mål både for Odd og Ulefoss/Skade i desse kampane: Sander Mæland skåra eitt for Ulefoss/Skade, medan Oskar Kolstad Nordskog skåra tre for Odd 3. Han har forøvrig skåra 22 mål for Odd 3 på 25 kampar i årets sesong.

Fem søkjarar til rektorstillinga ved USN


Har søkt. Sitjande rektor Petter Aasen har søkt rektorstillinga ved USN.

Det er fem søkjarar til stillinga som rektor ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN). Det skriv universitetet på nettsida si.

Åremålsstillinga til sitjande rektor, Petter Aasen, går ut ved nyttår. Han har sjølv sagt at dersom det nye styret ønskjer den kompetansen og erfaringa som han har kjem han til å søkje. Ting tyder på at signala har vore positive, for Aasen er ein av dei fem søkjarane.

Styret skal etter planen behandle tilsetjinga i møtet 21. november. Det er engasjert eit rekrutteringsbyrå som ser etter aktuelle søkjarar. Styret kan velje å vurdere ein eller fleire av desse, sjølv om dei ikkje står på søkjarlista, skriv USN.

Desse søkjer stillinga som rektor ved Universitetet i Søraust-Noreg:

  • Petter Aasen (66), Åsgårdstrand. Rektor og professor i pedagogikk
  • Jørgen Almlund (57), Hafrsfjord. Sjølvstendig næringsdrivande
  • Jarle Tommy Bjerkholt (55), Stavern. Viserektor for forsking, innovasjon og internasjonalisering, USN.
  • Thorbjørn Johan Gaarder (64), Oslo. Chief Credit Officer
  • Egil Trømborg (54), Drammen. Eigar av T2B consultancy

Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje