Sosiale medium

Bø i Telemark
01
17°C
 

Dato

Sundag 16. juni 2019

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Fleire positive til kommunesamanslåing

Fleire innbyggjarar i Bø og Sauherad er på vandring i synet på kommunesamanslåing. Foto: Øystein Akselberg

Sauheringar er fortsatt meir positive til kommunesamanslåing enn bøheringar. Litt fleire innbyggjarar har også endra meining i positiv retning.

Det er under eit år til Bø og Sauherad skal slå seg saman til Midt-Telemark kommune. I ei meiningsmåling gjort for Bø blad av Norfakta markedsanalyse våren 2019, kjem det fram at sauheringane fortsatt er meir positive til samanslåinga enn det bøheringane er. Fleire av dei som tidlegare var mot samanslåing har dessutan endra meining det siste året.

I Sauherad er 69 prosent av innbyggjarane fortsatt for samanslåing. Dobbelt så mange sauheringar har inga meining om saka (20 prosent) enn dei som er mot samanslåing (11 prosent). 

I Bø er biletet litt annleis. Her svarar 52 prosent av innbyggjarane at dei er for kommunesamanslåing i Midt-Telemark. Blant dei som fortsatt er mot samanslåing (27 prosent) og dei som ikkje har nokon meining om saka (21 prosent) er fordelinga ganske jamn.

I begge kommunar er dei kvinnelege innbyggjarane generelt meir positive til samanslåing enn det mannfolka er, men prosentandelen ligg likevel nær totalen i den einskilde kommunen.

Les meir i papiravisa eller i e-avisa på nett.

Skeptisk til Hent meg-bussen

Sommarlanddirektør Rene Langeveld Sas er bekymra for at parkens tilsette skal få eit dårlegare busstilbod med Hent meg-bussen. Foto: Gro B. Røiland 

Rene Langeveld Sas, direktør for Sommarland i Bø, er skeptisk til Hent meg-bussen som i juli overtar for rutebussen Bøbussen. Han fryktar det vil skape problem for ungdom som har sommarjobb i parken.

Hent meg-bussen er basert på at folk bestillar buss på App og nett, eller på telefon i kommunens opningstid. Bussen plukkar passasjerane opp heime og køyrer dit dei skal. Jo tidlegare ein bestillar buss, dess større er sjansen for å bli henta på det tidspunktet ein ønskjer, står det på nettsida farte.no. Vidare kan ein lesa at ved ledig kapasitet vil bussen hente deg til avtalt tid med eit slingringsmonn på 15 minutt pluss/minus.

Sommarland har i sesongen nærmare 300 tilsette, og dei fleste er under 18 år. Mange kombinerer buss og tog frå Lunde, Notodden eller Skien med Bøbussen opp til Sommarland. Sas er skeptisk til korleis dette vil fungere når lokalbussen ikkje lenger har faste rutetider, men kjem til den som bestiller fyrst.

At endringa kjem 1. juli, midt i sesongen, gjer han ikkje mindre bekymra.

Les meir i papiravisa eller i e-avisa på nett.


Vil ha betre akutt-flyt

Instruktørar. Frøydis Haukeland (bak t.v.) har med seg fem instruktørar som skal kurse dei tilsette i helsevesenet i Bø og Sauherad. Nr to f.v. bak: Gro Tinnesand, heimesjukepleien, Bø, Mona Storkaas, Sauherad bygdeheim, Odd Bakka, Bø sjukeheim. Framme f.v. Maria Pedersen, heimesjukepleien, Bø, Birte Marten Oswald, Sauherad bygdeheim.

I samarbeid med Sykehuset Telemark vil kommunane Bø og Sauherad sikre god flyt for folk som blir akutt sjuke.

I desse dagar gjennomgår tilsette ved sjukeheimane, heime-tenesta, legekontora og ambulansane i Bø og Sauherad eit spesielt kurs. Det er ein del av akuttkjedeprosjektet.

– Målet er at det skal bli betre pasientflyt gjennom heile kjeda. Det gjeld frå når nokon ringjer frå heimen om at nokon er sjuke til dei som tek imot telefon og pasient på sjukehuset. Det kan vere mange ledd, seier Frøydis Haukeland.

Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje