Sosiale medium

Bø i Telemark
12
6°C
 

Dato

Onsdag 16. oktober 2019

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Ja til å flytte Sjodar til Evju

Passar på Evju. Jorid Vale på Evju fortel at Jon Evju var med og bygde Sjodar. Det vart bygd som forsamlingshus for mållaget.

Administrasjonen kravde at Evju lagde eigen reguleringsplan for å flytte det 100 år gamle forsamlingshuset Sjodar til museumsområdet. Det sa utval for næring, plan og teknikk nei til i sitt siste møtet.

Det var sist vinter at Evju bygdetun via arkitekt Håvard Gjernes sende søknad til Sauherad kommune om å få flytte Sjodar til Evju. Det vart også søkt om å få flytte eit vengebur som står på museet. Det siste fekk ein ja til.

Men når det galdt Sjodar så sa administrasjonen nei.

Les meir i papiravisa eller i eavisa på nett. Er du abonnent, men ikkje har eavis? Ta kontakt med oss på telefon eller epost.

Mariann møter Johaug

Deltek i NM terreng. Mariann Roe har starta å konkurrere etter over eit år med sjukdom og opptrening. Her er ho etter å ha vunne sist helgs motbakkeløp i Nissedal. Foto: privat

Mariann Roe (22), Skarphedin friidrett, deltok etter sjukdom i sin første konkurranse på godt over eitt år sist helg. Då vann ho kvinneklassen i eit motebakkeløp i Nissedal. Sundag er ho påmeldt eit nytt løp og det er ikkje kven som helst ho møter der. Det handlar nemleg om NM i terrengløp, seks kilometer lang løype, senior. Det skjer i Frognerparken i Oslo komande sundag. Her møter ho løpseliten i Noreg, samt skistjerna Therse Johaug.

Dette blir Mariann sitt første NM-terrengløp i seniorklassa i lang løype. Ho har delteke i senior kort løype i fjor vår før ho blei sjuk. Da blei det bronse.

– Eg håpar ingen har store forventingar til ein god prestasjon. Eg deltek rett og slett for å trene på å konkurrere, og få meir erfaring i erfaringsbanken, seier Mariann til Bø blad.

Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje