Sosiale medium

Bø i Telemark
03
23°C
 

Dato

Fredag 23. august 2019

Web-kamera i Bø

Høgskulen
Lifjell

Suksess med malmfuru

Telemarksbruket malmfuru 9 feb 2016 10 Kilen og Grimsgaard

Flott malmfuru. Salssjef Svein Erik Kilen (t.v.) og dagleg leiar Ole Grimsgaard ved Moelven Telemarksbruket satsar på å auke produksjonen av malmfuru dei komande åra.

Telemarksbruket lagar i år 1.500 kubikkmeter trelast av malmfuru og håpar å doble mengda i løpet av to år.

Det er aukande interesse i byggjemarknaden for tradisjonsproduktet malmfuru, som er naturleg impregnert og nærast vedlikehaldsfritt. Moelven Telemarksbruket i Bø er i front og tek vare på gamle norske byggjetradisjonar, og satsar nå sterkt på produksjon av malmfuru. Hovudproduktet er kledningsbord til hus og offentlege bygg. 200 år gamle furutre blir industrielt handsama og kontrollert med digital laserskanning for så å ende opp som ytterkledning som kan stå i vêr og vind utan vedlikehald i nye 100 år.

Moelven lanserer nå produktet Malm100, som er malmfuru med hundre prosent kjerneved. Første steg på vegen er å ta ut tømmer av god kvalitet og med stor kjerneandel. Dei beste malmfurustokkane er 150 til 200 år gamle og veks som regel 400-500 meter over havet. Tinn har eit av dei beste områda med malmfuru i Telemark. Telemarksbruket hentar elles alt tømmeret sitt i Telemark , i ein avstand på maksimum fem-seks mil frå Bø.

– Det er mykje gammal skog med tømmer på over 150 år i vårt område, seier dagleg leiar på Telemarksbruket, Ole Grimsgaard, og gjev signal om at det blir teke ut for lite gammal furu.

Godt levert for stappfull sal

160218-børevyen-kjerring

Justin Biebers hitlåt «Baby baby baby ooh» framført på bødialekt blei sjølvsagt til «Kjerring kjerring kjerring ooh». Foto: Gro B. Røiland

Latterkulene var mange og lange under premieren på breisåsrevyen fredag kveld. «Godt levert» er tittelen på årets børevy, og breisåsingane leverte så det heldt gjennom 26 nummer.

Den populære lokalrevyen trakk også denne gongen bøheringane vekk frå gullrekka i hopetal. Storsalen var fylt til siste sete under premieren. Stafettpinnen i børevyen blei gjeve vidare til Folkestad.

 

Meir om revyen kjem i papiravisa torsdag 18. februar.

 

Stipend til Torhild Aavik

Torhild Aavik husflidspris brurekrone copy

Stipend frå Fylkeskommunen. Torhild aavik er tildelt stipend for sitt arbeid med firfletting. Arkivfoto.

Kunstnaren, Torhild Aavik, frå Bø, er tildelt Telemark fylkeskommune sitt stipend for husflid og handverk. Stipendet er på 60.000 kroner og blei delt ut under fylkeskommunens festforestilling «Fotavtrykk Telemark» i går, torsdag. Aavik arbeider med firflettingsteknikk, som er ein handverksteknikk som står på Noregs Husflidslag si liste over raudlista handverk som veldig få beherskar i dag. Aavik er oppteken av å utforske nye materialar og framstille nye produkt, og bidreg gjennom sitt arbeid til å ta vare på og fornye firflettingsteknikken.

Bø blad

Bø blad er ei uavhengig lokalavis for Bø kommune i Telemark. Bø blad arbeider etter Redaktørplakaten, Ver Varsam-plakaten og Tekstreklameplakaten sine retningsliner for god presseskikk. Ansvarleg redaktør: Hilde Eika Nesje